Hopp til innhold

Gjekk inn i feil hus

Ein mann i 40-åra tok seg i natt inn i eit framand hus i Kristiansund. Overraskinga var nok stor då han merka at det ikkje var hans eige. Politiet tok han med til stasjonen der han får sove av seg rusen. Bortsett frå det var det stille og roleg på Nordmøre og i Romsdal i natt.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL