Hopp til innhold

Trafikkulukke Skodje

Sunnmøre politidistrikt opplyser at både politi og redningsetatane er framme på ulukkesstaden i Skodje kommune. Det var ein bil med ein person som køyrde av vegen. Årsaka til utforkøyringa er så langt ukjent. Personen blir frakta til legevakt med ambulanse for nærare undersøkingar, og skal ha moderate skader.

Det går føre seg bilberging på staden, noko som kan føre til kø. Politiet ber bilistane om å køyre forsiktig.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL