NRK Meny

Trafikkulukke Skodje

  • Trafikkulukke Skodje

    Sunnmøre politidistrikt opplyser at både politi og redningsetatane er framme på ulukkesstaden i Skodje kommune. Det var ein bil med ein person som køyrde av vegen. Årsaka til utforkøyringa er så langt ukjent. Personen blir frakta til legevakt med ambulanse for nærare undersøkingar, og skal ha moderate skader.

    Det går føre seg bilberging på staden, noko som kan føre til kø. Politiet ber bilistane om å køyre forsiktig.

  • Trafikkulukke Skodje

    Politi og redningsetatane, med luftambulanse har rykker ut til Vadset i Skodje kommune like ved kommunegrensa til Haram ved Fv 661. Der skal ein personbil har køyrt av vegen. Sunnmøre politidistrikt opplyser at skadeomfanget er uklart.