Det er kjelder i SAS Braathens som har sagt til VG at distriktsruter frå Gardermoen til Kirkenes, Alta og Molde er dei første som blir fjerna av den sentrale leiinga i SAS Braathens i Stockholm. Dette er ruter som Petter Jansen har kjempa for å behalde.
- Treng konkurranse
Senterpartiets Eli Sollied Øveraas seier dei ikkje kan akseptere eit dårlegare tilbod frå SAS Braathens til Molde lufthamn. Vi skulle heller hatt konkurranse frå Norwegian på Molderuta, seier Øveraas.
Postflyet forsvinn
Fra månadsskiftet oktober/november forsvinn postflyet til Molde fordi Posten tapte oppdraget. Dette kan forklare spekulasjonar om at direkteruta Oslo- Molde står i fare, seier Øveraas.
Det kan medføre økonomiske konsekvensar for SAS Braathens at dei misser avtalen med Posten, og dette kan ha skapt spekulasjonar om flyruta til Molde, trur Eli Sollied Øveraas.