Ungdomsskuleelevane
Ei undersøking viser at 60 prosent av ungdomsskuleelevane her i fylket er fysisk aktiv berre ein til tre gongar i veka.
Kulturavdelinga i fylket vil legge betre til rette for fysisk aktivitet.
Fagsjef ved seksjon for fysisk aktivitet, Vegar Bellingmo, meiner fylket har eit ansvar. Han meiner den fysiske aktiviteten blant ungomsskuleelevane er for dårleg.
Offensiv haldning
- Vi ser det som vår oppgåve å hjelpe til for å få flest mogleg i fysisk aktivtet, seier Bellingmo.
Han meiner Møre og Romsdal Fylke må ha en offensiv haldning slik at det blir skapt forståing og kunnskap om kor vitkig den fysiske aktiviteten er.
Bellingmo foreslår å utvikle uteskulen gjennom kultursekken. Det er eit kulturtilbod fylket gir til skulane her i fylke.
22. november skal kulturutvalet ta stilling til forslaga frå kulturavdelinga i fylket.
Næringslivet
Vegar Bellingmo vil og rette tiltak mot næringslivet i framtida.
- Det er snakk om å kurse aktivitetsleiarar og lage eit opplegg for dei ulike bedriftene slik at den fysiske aktiviteten aukar på arbeidsplassane, seier Bellingmo.