Hopp til innhold

-Dagens sauer fryktar ikkje ulv

Det er 150 år sidan ulven forsvann frå Nordvestlandet. Historikar Astor Furseth, meiner at sidan dagens sau ikkje kjenner ulven, fryktar dei han heller ikkje.

sau

Det er 150 år sidan det var ulv på Nordvestlandet og dagens sauer har difor ingen erfaring med rovdyret.

Foto: Brede Røsjø / NRK

Astor Furseth

Astor Furseth som har skrive bok om rovdyr, trur sauene ikkje fryktar ulv, fordi det er fleire generasjonar sidan rovdyret var vanleg.

Foto: Terje Reite / NRK
Ulv felt i Lesja

Ein av ulvane på Lesja vart felt natt til søndag.

Foto: Esben Bø / SNO

På 1700 og 1800-talet var det vanleg med ulv på Nordvestlandet, men for rundt 150 år sidan forsvann ulvestammen.

– Ulv var eit stort problem. Økonomisk var det katastrofe når ulven tok dyra, seier historikar og forfattar Astor Furseth.

Han har skrive bok om rovdyr, og veit at fleire gardar vart fråflytta fordi ulven herja, blant anna i Volda.

Ulven herjar

No har ulven igjen dukka opp. Mange sauer og lam har blitt drepne av ulv i Lesja og i Brøstdalen i Rauma. Natt til søndag vart ein av ulvane felt, medan det framleis vert jakta på ulv nummer to, som har forsynt seg av saueflokkane på beite.

Manglar instinkt

Historikaren trur dagens sauer manglar instinktet for å passe seg for ulven, sidan dei ikkje har opplevd dyret før.

– No har det gått mange generasjonar sidan det var ulv i området og sauene er ikkje vand med dette rovdyret. Min teori er at instinktet er borte, seier Furseth.

I går vart det funne ein sau som var drepne av ulv, berre 200–300 meter frå hytta hans på Lora.

– Eg kan ikkje tenkje meg at ulven er farleg for menneske, men folk er oppskaka fordi husdyra vert tekne, seier Furseth.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL