Det var Asmund Kristoffersen (Ap) som i spørjetimen i Stortinget i dag reiste spørsmål til samferdselsministeren om sikringsarbeidet i Krifasttunnelen.
- Eg er uroa over tilstanden i tunnelen, både når det gjeld tryggleiken og nyttetrafikken gjennom tunnelen, seier Kristoffersen.
Ifølgje Kristoffersen vil trafikken auke kraftig i samband med utbygginga av hamneområdet i Kristiansund.
Men samferdselsminister Torild Skogsholm kom Kristoffersen i møte i Stortinget i dag og lovar fortgang i arbeidet.
- At det ligg i handlingsprogrammet betyr ikkje at ein skal bruke heile den perioden på å betre tunnelen. Eg håpar vi kan få ei rask løysing på dette, seier Skogsholm.
Nyleg vart det klart at det skal brukast 150 millionar kroner til vedlikehald av tunnelen.