Det er utdanningsdirektøren i fylket som slår fast dette, etter at ein elev vart flytta på grunn av sterk uro i klassa.
Rådmann Ragna Dahl Grønnevet.
Rådmann i Ålesund, Ragna Dahl Grønnevet, seier dei repekterer avgjerda til utdanningsdirektøren, og vil prøve å gje eit tilbod til guten på heimeskulen.
-Burde gjort meir
Utdanningsdirektør Alv Walgermo, seier kommunen burde gjort meir for å tilrettelegge undervisninga til guten, før dei tvangsflytta han.
No må Ålesund kommune sørge for at eleven får eit forsvaleg godt tilbud på skulen, der han eigentleg høyrer til.
Lova
-Paragraf åtte i opplæringslova gir kommunen sjansen til å tvangsflytte elevar, men det skal svært mykje til for at denne lovparagrafen skal takast i bruk, seier Walgermo.
Utdanningsdirektør, Alv Walgermo. Foto: Gunnar Sandvik