Hopp til innhold

- Ynskjer nye eigarar i julegåve

- Vi ynskjer nye eigarar, vi ynskjer det raskt, kanskje som ei ekstra julegåve i år, seier Johan Berentz. I dag avgjer Mecom om dei vil selje Edda Media.

Sunnmørsposten-tilsette demonstrerer mot Mecom-kjøp i november 2006.

Sunnmørsposten-tilsette protesterte i forkant av Mecom-oppkjøpet av Orkla Media. No håper dei på nye eigarar.

Foto: Svein Smørdal / NRK

Styret i medieselskapet Mecom har styremøte for å avgjere framtida for Edda Media tysdag. Johan Berentz er klubbleiar i Sunnmørsposten, og håper på eit eigarskifte.

- Med krise i økonomien fryktar vi dårlegare økonomi i Mecom. Samstundes har vi gode tider i Edda Media i alle fall, økonomien er betre der, og frykta er at avisene og mediebedriftene her i Noreg vil måtte blø på grunn av gjeldssituasjonen i Mecom, seier Berentz.

Ikkje avklart før 17.00

Når styret i Mecom i dag skal bestemme seg, er det mange som er spente rundt om i Noreg.

- Rundt 1700 avisfolk rundt i landet ventar på eit svar frå styremøtet i Mecom i London i dag, fortalde Berentz i ettermiddagssendinga til NRK Møre og Romsdal tysdag ettermiddag.

- Vi har ikkje høyrt noko endå, sa Berentz like før klokka 17. Dermed rekna han med at møtet framleis var i gang.

Han vil ikkje ut med kven han vil skal ta over Edda-avisene i Noreg, men han fortel at det er A-pressen som verkar å ha overtaket i forhandlingane.

A-pressen mest aktuelt

- No ser det ut til at A-pressen har kome lengst i forhandlingane om å ta over Edda dersom det blir eit sal. Det veit vi ikkje endå, seier han.

For det kan hende Mecom si avgjerd blir å halde fram som eigar av Edda Media også i framtida. Berentz har vore med på eigarskifte i Sunnmørsposten også tidlegare. No håper han å vere del av eit til.

- Fokus for oss i det daglege er på det arbeidet vi driv for å dekkje Sunnmøre og Nordvestlandet, og gjere ein best mogleg jobb der, forsikrar klubbleiaren.

- Men det ligg i bakhovudet heile tida dette her. Kva skjer med framtida?

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL