Odim leverer utstyr og teknologi til olje- og gassmarknaden, forsvarsmarknaden og kjernekraftmarknaden.
I grunngjevinga for tildelinga heiter det mellom anna; "Odim er ei bedrift som oppfyller dei kriteria som er sett for fylkesprisen på ein framifrå måte. Dei er nyskapande, har positiv utvikling, god økonomi, tilfredstillande miljøprofil, og bør framstå som motivator for næringslivsleiarar i fylket til innsats for samfunnet."
Inspirerande
Konserndirektør Haavard Haanes, er svært godt fornøgd med prisen.
- For oss er det svært inspirerande å få ein slik pris. Vihar 850 tilsette og det er dei vi har å takke for at vi kan få til dette i dag, seier han.
- Det er ei stor ære å få prisen.
Optimistisk gründer
Gründer Inge Dragsund, som starta Odim, meiner at ein slik pris tyder på at den gode utviklinga av bedrifta held fram.
- Ja, det er veldig fint å sjå at utviklinga held fram. Det er mange år sidan eg trekte meg og eg tykkjer det går svært bra med dei. Eg er optimist. Når eg er så gamal, så skulle eg ha vore pessimist eg, men det er eg ikkje, seier gründeren.
- Eg er optimist, ja. Når eg er så gamal, så skulle eg ha vore pessimist eg, men det er eg ikkje.
Og optimist er også Haavard Haanes.
- Ja, vi er optimistar. Vi har vokse mykje dei siste åra, og vi har framleis ambisjonar om vekst. Finanskrisa kan vere ei utfordring, men vi har tru på framtida, og vi trur at framtida er automatiserte handteringssystem.
Haanes har oppskrifta for korleis dei skal få suksess også i framtida.
- Det er å vere innovative. Tett samarbeid med kundane og å ikkje vere redd for å prøve å forbetre prosessar heile tida, seier han.