Hopp til innhold

- Unge kvinner tek sjansen

Helsesyster meiner kvinner mellom 20 og 24 tar sjansen på at dei ikkje blir gravide. - Eg trur gratis p-piller hadde hjelpt, seier ho.

Illustrasjonsfoto
Foto: Aina Rødal / NRK

Unni Gjørva Ringstad er helsesyster ved Moa helsestasjonen i Ålesund.

Marianne Kjelsvik

Marianne Kjelsvik meiner ein må ta tak i dette.

Foto: Bernt Baltzersen / NRK

Medan aborttala for tenåringsjentene går ned, aukar tala for unge kvinner mellom 20-24 år. 20-åringar toppar abortstatistikken

- Dette må det gjerast noko med, meiner Marianne Kjelsvik ved rettleiingskontoret for gravide, Amathea i Ålesund.

Tok tak i problemet

Tidlegare var abortstatistikken nedslåande for jenter mellom 15 og 19 år.

Så tok helsestyresmaktene tak i problemet. Helsestasjonar for ungdom blei opna, og det blei delt ut gratis prevensjon og angrepillar, i tillegg til at dei no får tilgang til gratis legetime.

Dette har vist seg å virke.

Tala ligg no stabilt på omlag 16 abortar per tusen kvinne. Marianne Kjelsvik meiner at alle desse tilboda bør utvidast til også å gjelde for dei mellom 20-24 år.

Ho trur at økonomi er ein viktig faktor for at ein ikkje brukar prevensjon. I tillegg til at det er relativt vanskeleg for mange å ta kontakt med fastlegen sin om slike spørsmål.

Stadfestar suksess

Helsesyster ved Moa Helsestasjon, Unni Gjørva Ringstad, stadfestar at dei mellom 15 og 19 år er svært bevisste på prevensjonsbruk, og at dei er hyppig innom helsestasjonen med spørsmål om sex og graviditet.

Ho trur massiv informasjon og at helsesystrene er tilgengeleg både på helsestasjonar og på skulane er svært viktig for å unngå at dei unge blir gravide.

-Det ligg no inne forslag om at helsesystrene også skal kunne skrive ut resept for gratis prevensjon til dei over 20 år. Dette kan føre til at fleire også i denne gruppa vel å bruke p-pille, seier Gjørva Ringstad.

Overraskande tal

Karen Birte Bjørlykke og Gjertrud Johnsen er studentar ved Høgskulen i Ålesund. 22-åringane er overraska over at det er deira aldersgruppe som toppar abortstatistikken.

Dei trur årsaka kan vere at mange er midt i ei høgskule-utdanning, og at dei nødig vil avbryte denne for å få eit barn. I tillegg har mange flytta heimafrå for første gong, og kanskje er ikkje det å ha ansvar for eige liv, så veldig enkelt.

Dei trur begge at det å få gratis prevensjon kan virke positivt på abortstatistikken, men meiner at kvinner som har bikka 20 år bør ta seg råd til prevensjon uansett.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL