Hopp til innhold

- Sjekk før det er for seint

- Sjekk røykvarslarane før det er for seint. Det seier far som miste dottera i brann.

Brann Grimstad

Oskar Grimstad miste dotter si i brann i dette huset i Herøy.

Foto: NRK

Oskar Grimstad er i dag vald inn på Stortinget for FrP. For snart eitt år sidan miste han dotter si i brann i Herøy. Mykje tyder på at røykvarslarane ikkje fungerte i huset der fire ungdommar miste livet.

Slik unngår du brann i jula

Tung tid

Det er advent og snart jul. Vi er på veg inn i det som skal vere ei høgtid prega av glede. Men på same måte som alle som misser nokon av sine under tragiske omstende, går familien Grimstad inn i ei tung tid.

- Det å miste barn er noko av det vansklegaste ein kan oppleve i livet. Når ein misser ungdomar, som er i starten av livet, då er det så tragisk og uventa at .... ja, det er veldig, veldig spesielt, seier Oskar Grimstad.

Flere branner fra den siste måneden:

Totalskadd hus i brann

Bustadhus totalskadd

Reddet ut av brennende hus

Brann i Eresfjord

Desember verste brannmånad

Desember er den månaden det brenn mest i Noreg og i juleveka er det normalt to til tre gonger så mange bustadbrannar som i ei gjennomsnittsveke. No vonar Oskar Grimstad at folk set branntryggleiken i høgsetet, og gjerne nyttar røykvarslardagen til å sjekke om brannvarslinga fungerer.

- Det er veldig lite som skal til for å sikre liv og familie. Mi oppfordring må vere at vi alle no går i butikken og kjøper nye batteri og skiftar batteria. Vi veit at no i julehøgtida så er det lys og varme, gjennom julelys, stearinlys julestjerna i vindauget og på alle måtar så er det ei høgtid der levande lys er mykje brukt. Då må vi gjere alt for å sikre oss slik at vi ikkje møter ein tragedie.

Høyr med forhandlarane

Oskar Grimstad oppfordrar folk om å snakke med forhandlarane av brannsikringsutstyr, for å høyre kva som høver best i kvar einskild bustad.

- Det fins seriekobla brannvarslarar som fungerer slik at alarmen går der du er sjølv om brannen har oppstått ein annan stad i huset. Slik kan vi få ei god varsling på det. Då er det verdiar som kan erstattast som går tapt, medan menneska blir varsla og kjem seg ut, seier Oskar Grimstad.

Røykvarslardagen

I dag, 1.desember, er det Røykvarslardagen. Det er ein kampanje med mellom anna ein landsomfattande bustadkontroll. Målet for aksjonen er å sette søkjelys på branntryggleik i private heimar.