Hopp til innhold

- Heile sjukehus-strukturen kan bli vurdert på nytt om Møre og Romsdal blir felles helseforetak

Styreleiar i Helse Midt-Noreg, Kolbjørn Almlid er svært skuffa etter at helseministeren utsette bygginga av nytt sjukehus i Molde.

Kolbjørn Almlid

Kolbjørn Almlid er styreleiar i Helse Midt-Noreg.

Foto: Ørn E. Borgen / Scanpix

Kolbjørn Almlid karakteriserer det som skjedde onsdag ettermiddag som eit løftebrot. Han viser til at både tidlegare statsminister og heleseministrar har lovt at det skal byggast nytt sjukehus i Molde.

– Eg har fått lovnader frå tidlegare statsrådar. Det kan ikkje herske tvil om det. Det er sjølvsagt opp til ein kvar statsråd både å gje løfte og å trekke dei tilbake.Det er no greit nok, seier Kolbjørn Almlid til NRK.

Video Slik jubler de i Kristiansund

Slik jubla dei i Kristiansund.

Skuffa styreleiar

Helseminister Anne-Grete Strøm-Erichsen utsette onsdag ettermiddag bygginga av Molde nye sjukehus til etter 2018. Tidlegare har byggestart vore rekna til 2012/2013. Styreleiar Kolbjørn Almlid er skuffa.

– Eg er skuffa over at vi fekk blankt avslag på hjelp til finansiering av Molde nye sjukehus. Styret har halde seg innanfor tidlegare lovnader. Derfor er det klart at det er ein nedtur at vi ikkje får hjelp til å finansiere dette nye sjukehuset, seier Almlid.

– Oppfattar du det som mistillit når statsråden uttalar at styret ikkje har gått for det mest optimale alternativet?

Det må du nesten spørje statråden om. Vi har halde oss innanfor den politiske ramma som vi har hatt i vårt arbeid. Det er åpenbart at alle utgreiingane våre har vore innanfor den ramma vi skulle jobbe, seier Almlid.

Video HELSEMINISTEREN GRUNNGIR UTSETTELSESVEDTAK

Her forklarar helseministeren kvifor ho utsette nye Molde sjukehus.

– Vanskeleg å planlegge

Kolbjørn Almlid vil ikkje seie noko om han meiner det er fornuftig no å bruke mange millionar på å flikke på det gamle sjukehuset i Molde.

– No må vi analysere situasjonen. Det kan gå 12 år før vi kan bygge noko sjukehus i Molde. Det kan til og med hende vi skal ha berre eitt sjukehus i Nordmøre og Romsdal i staden for to. Vi må i det heile teke vurdere om vi skal halde fram med å planlegge dette. Eg ser lite muligheit til å drive særleg planlegging for ein så lang tidshorisont. Vi kan risikere at vi på nytt lagar forestillingar for folk som vi ikkje kan stå inne for, i og med at uviklinga endrar seg. Tida går og det kan bli andre ordrer og andre føresetnader framover, seier Almlid.

Video HELGE AARSETH SKUFFA OVER SJUKEHUSVEDTAK

Styreformann i Helse Nordmøre og Romsdal, Helge Aarseth blei svært skuffa.

Sunnmøre med Ålesund og Volda kan bli drege inn i kabalen

I brevet frå helseministeren går det også fram at ho ønskjer ei vurdering av om Helse Nordmøre og Romsdal og Helse Sunnmøre kan slåast saman til eitt helseforetak. Almlid seier at i så fall kan heile sjukehusstrukturen bli vurdert på nytt.

– Ho bed oss vurdere om ei samanslåing er teneleg eller ikkje teneleg. Eg trur det er for tidleg å konkludere på den saka. Men dersom det blir slik at Møre og Romsdal blir eitt helseforetak, då vil det ha verknad på utviklinga.

På kva måte?

Då må vi sjå på strukturen på ein annan måte, nemleg innanfor eitt foretak. Då må vi vurdere dei forskjellige sjukehusa og det totale sjukehustilbodet på eit anna grunnlag.

Kan sjukehuset i Ålesund kome til å spele ei rolle for sjukehustilbodet i Romsdal og på Nordmøre?

Det blir gale for meg å spekulere for mykje i dette no. Men eg kan vere veldig tydeleg på at andre grenser, at heile fylket skal sjåast under eitt, vil nødvendigvis gjere at vi må vurdere heile sjukehustilbodet i eit anna lys, seier styreleiar Kolbjørn Almlid.