Hopp til innhold

- Må få svi for hærverket

Aalesunds handelsforening vil problemet med tagging til livs. Dei meiner hærverket må få konsekvensar for dei som står bak.

Tagging

Dagleg leiar i Aalesunds handelsforening, Kjell Sandli, meiner tagging er forsøpling av bymiljøet.

Foto: Birthe Bringsvor / NRK

Dagleg leiar i handelsforeininga, Kjell Sandli, er lei av det han kallar forsøping av bymiljøet, og meiner dei som står bak må få svi for hærverket.

- Hærverket bør få konsekvensar.

- Det passar ikkje

Tagging er ikkje noko nytt fenomen verken i Ålesund eller andre stader i fylket.
Svarte, kvite, organsje signaturar og merker kan du finne på mange bygningar.
Likevel, dette skjemmer bymiljøet, seier Sandli.

- Det passar ikkje. Ikkje i Ålesund og ikkje i Ålesund sentrum.

Les også:

Jugendbyen Ålesund er spesiell i norsk samanheng, noko stadig fleire turistar set pris på. Ifølgje Sandli er det viktig å ha ein mest mogleg ryddig og tiltalande by.
Og her har alle eit ansvar for å få fjerna det han kallar eit uvesen.

- Det som er litt spesielt med Ålesund er blant anna bygningmassen og Ålesund som turistby.

Sandli trur at det første ein må gjere er at alle partar vert einige om korleis ein skal handtere problemet.

- Vi må ha eit felles standpunkt knytt til at tagging skal fjernast og det umiddelbart. Vi bør også ha eit felles standpunkt om at all tagging vert meld til politiet og vi bør kanskje også ha eit samarbeidsprosjekt som går på korleis vi fjernar dette for å få ned kostnadane.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL