Hopp til innhold

- Held pusten og håper

Silda sel framleis godt, men med full stopp i torskemarknaden held sildeeksportørane pusten.

Sild
Foto: Arild Moe / NRK

- Vi håper at det også er ein marknad for silda i 2009, seier marknadsdirektør Jarle Hansen i Norges Sildesalslag.

Foreløpig går eksporten av sild tilnærma normalt, men langs heile kysten fyller torsken opp fryselagera.

Rekordkvote

At marknaden held seg er viktig for i år har fiskeflåten ei totalkvote på ein million tonn sild.

Nett-tv:Silda er komen

- Om vi regner på det er det eit sildemåltid kvar for meir enn halve jordas befolking, så det er enorme mengder som skal omsetjast, seier Hansen.

I fjor vart det eksportert sild for nesten fire milliardar kroner. Russland og Ukraina er dei største marknadane, men også Nigeria har hatt ein kraftig vekst.

Nei takk!

Matinspirasjon - sild

Kanskje nye vriar og oppskrifter kan få nordmenn til å ete sild?

Foto: NRK

Omlag all silda som vert fanga langs norskekysten går til eksport og på norske restaurantmenyar er silda praktisk talt fråverande.

- Eg hadde det tidlegare, men det selde ikkje så det har vi ikkje denne sesongen, seier Ivar Breivik, innehavar og kokk på fiskeresturanten XL i Ålesund.

Han trur mellom anna gamle tradisjonar gjer at nordmenn ikkje et sild.

- Det var fattigmanskost før i tida og i dag heller våre tradisjonar meir mot julematen med sennepssild og tomatsild.

Nett-tv:Historiske glimt frå sildefisket

Men også utvalet i butikken har noko å seie for kva vi handler til middag og Breivik meiner at her må det ildskjeler og god marknadsføring til.

Ivar Breivik

Har tatt sild av menyen: - Det selde ikkje, seier Ivar Breivik, kokk og innehaver av XL i Ålesund.

Foto: Odd Kristian Dahle. / NRK

- Og så må vi få eit topp kvalitetsprodukt i daglegvarebutikken. Det får vi ikkje i dag.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL