Rådgivar Bente Volder ved Borgund vidaregåande skule kom med forslaget om at elevar som ikkje frivillig let seg teste for narkotikamisbruk, bør kunne miste plassen i vidaregåande skule.
Knutsen meiner dette er ein politikk som vil gjere vondt verre for elevar som slit med rusproblem.
Test for lærarar
No forslår han at også lærarane bør testast for narkotika. Om dei ikkje går med på det, bør dei miste jobben.
- Narkotikamisbruk blant vaksne vert stadig meir vanleg, og dette er trass alt vaksne som skal ta seg av ungdommen. Dermed bør vi kunne krevje at dei er rusfrie. Og om dei vil innføre denne ordninga for elevane, bør dei også delta sjølve, seier han.