Hopp til innhold

- Gassen skal hit

Lokale krefter vil at gass frå Norskehavet blir ilandført i Møre og Romsdal.

Bernhard Riksfjord.

Varaordførar i Aukra Bernhard Riksfjord vil ha gass i land i Møre og Romsdal.

Foto: Øystein Windstad / NRK

Det kom fram under JazzGass-konferanse i Molde i dag.

Kan vere uoppdaga felt

Alternativet er å føre gassen i eit ekstra røyr langs kysten til Kollsnes i Hordaland.

Varaordførar Bernhard Riksjord i Aukra er ein av dei som meiner ilandføring til Møre og Romsdal er best.

- Det er nok areal, det er nok kapasitet, det er rett og slett eit gassknutepunkt som Norge har bruk for, og det ligg etter mi meining på Nyhamna, eller Tjeldbergodden, fortel Riksjord.

Det kan vere uoppdaga gassfelt i Norskehavet som tilsvarar to til fire Ormen Lange felt. Det er denne gassen Riksfjord vil ha til fylket.

Eivind Reiten

Konsernsjef i Hydro, Eivind Reiten er samd med Riksfjord.

Foto: Gilbert, Jeff / SCANPIX

Viktig steg

Konsernsjef i Hydro, Eivind Reiten er samd med Riksfjord i at Møre og Romsdal, og særleg Aukra med Ormen lange stiller sterkt i kampen om å få i land gass frå nye felt.

- Det er jo ingen tvil om at diskusjonen om meir gass, meir olje, både i utvinning og i ilandføringsdiskusjonar i dette fylket, det er jo meir realistisk når ein no har vist kva ein har å by på, seier Reiten.

- Og når ein har den kunnskapen og den leverandørindustrien som også har levert mykje til Ormen Lange, så har ein teke eit veldig viktig steg opp i trappa, så blir det spennande å sjå kva det neste steget blir, fortel han.

Må ha store funn

Til no har felta som har vore funne vore små, for varme og for spredt for at utbygging skal kunne vere tenkeleg. Olje- og energiminister Odd Roger Enoksen meiner brukbare felt må på plass før det kan vere snakk om meir gass til Møre og Romsdal.

- Me må gjere nye funn, og me må gjere funn som det er mogleg å bygge ut på ein viss størrelse, seier Enoksen. Han meiner Møre og Romsdal er eit stort industrifylke med stor aktivitet, og det vil halde fram med det også etter nye funn.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL