Hopp til innhold

- Fyr opp no!

Aukraordførar Bernhard Riksfjord (Ap) krev at gasskraftverket på Nyhamna blir teke i bruk.

Video nsps_upload_2010_1_9_19_38_57_334.jpg
Denne videoen er dessverre ikke tilgjengelig. Kontakt oss dersom du har spørsmål.

Det mobile gasskraftverket på Nyhamna i Aukra kosta over ein milliard kroner, men ikkje ein einaste kilowatttime blir pordusert.

Kan levere straum i dag

Sprengkulda dei siste dagane har sendt både straumforbruket og prisen til himmels. No krev ordførar Bernhard Riksfjord i Aukra at gasskraftverket blir tatt i bruk.

- Her ligg det klart. Statnett kan om dei vil. Får dei beskjed om det, kan anlegget vere i gang alt i dag, seier Riksfjord.

Midt-Noreg er eige prisområde for straum. Prisen for ein kilowatttime vore på over åtte kroner. Det er seks gonger så mykje som på Austlandet. Liten kapasitet i straumnettet er ein av årsakene til prisskilnaden.

Les også: Strømprisen i været

- Start opp og bruk det

Det mobile gasskraftverket kan produsere straum nok til å dekke forbruket til ein middels stor norsk by eller heile gassanlegget Ormen Lange. Det trur arbeidarpartiordføraren ville fått prisen ned.

- Her ligg det nært Omen Lange-anlegget. Her ligg det klart, start opp og bruk det, seier Riksfjord.

Les også: Vil starte mobile gasskraftverk

Ormen Lange-anlegget får straum frå mellom anna Sverige. Kulda gjer at svenskane fyrer opp sine gasskraftverk og sender straumen til Noreg.

- Det er ikkje noko meir forureinande å starte det opp her på Aukra enn andre stader, meiner Riksfjord.

- Ein veldig dårleg ide

Utspelet om oppstart av gasskraftverket bli ikkje helsa velkomen av regjeringskollega SV.

- Det er ein veldig dårleg ide. Det var i utgangspunktet ein dårleg ide å byggje gasskraftverka, det er ein endå dårlegare ide å sette dei i produksjon. ikkje start opp noko som er heilt grufullt, det er det mest forureinande du kan tenke deg, seier Bjørn Jacobsen (SV).