Hopp til innhold

- Fornuftig å samle fødetilbodet

- Om kart og terreng ikkje passar, er det kartet som er feil, seier Per Sævik. Han meiner samarbeid om fødeavdeling i Volda er positivt.

Sjukehuset i Volda

KAN FÅ FLEIRE FØDANDE: Om Volda sjukehus får ta i mot dei fødande frå Nordfjord, stig talet til over 600 per år.

Foto: NRK

Per Sævik

FORESLO TIDLEG: Per Sævik foreslo eit samarbeid allereie for to år sidan.

Foto: Trond Vestre / NRK

Sævik var tidlegare styreleiar i Helse Midt-Noreg, og foreslo for to år sidan å samle fødetilbodet i Volda.

Tysdag kom det fram at administrasjonen i både Helse Midt-Noreg og i Helse Vest vil ha dei fødande frå området nord for Nordfjorden til Volda i staden for til Nordfjordeid.

- Må utnytte synergiane

Sævik seier forslaget er nødvendig, og viser at styra i helseføretaka har teke eit steg i rett retning.

- Med staten sine investeringar på over to milliardar kroner i Eiksundsambandet og Kvivsvegen, så er det meiningslaust å ikkje nytte synergiane frå satsingane, seier han.

Les meir om striden rundt helseføretaka:

- Ikkje sannspådd

Men trass i at han allereie for to år sidan foreslo dette, vil ikkje Sævik påstå at han er sannspådd.

- Eg er ei enkel sjel, så det skal eg ikkje påstå. Men det ligg klart oppe i dagen at denne typen synergi og effektivisering bør bli tatt ut. Ved å gjere det på denne måten er det med på å gje ei nødvendig vitamininnsprøyting til sjukehuset i Volda, meiner han.

Det har lenge vore strid om kva sjukehus dei fødande må reise til frå søre Sunnmøre og Nordfjord:

- Terrenget er alltid rett

Det er no opp til styra i Helse Midt-Noreg og Helse Vest å ta stilling til forslaget om å samle fødetilbudet for Nordfjord og Søre Sunnmøre i Volda.

I styret i Helse Midt-Noreg kjem forslaget til å bli møtt med glede. I styret i Helse Vest er dette truleg meir kontroversielt.

- Viss det er slik at kart og terreng ikkje stemmer, så er det alltid terrenget som er rett, seier Sævik.

- Viss grensa mellom Helse Vest og Helse Midt-Noreg er ein effektiv bremse for å ta ut nødvendige synergiar, så er det grensene som er feil, og ikkje nødvendigvis moglegheitene.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL