NRK Meny
Normal

Vil flytte føden frå Eid til Volda

Helse Vest og Helse Midt-Noreg foreslår å samle fødetilbodet nord om Nordfjorden og på søre Sunnmøre i Volda.

Volda sjukehus
Foto: Helse Sunnmøre

Det vart kjent på ein pressekonferanse Helse Sunnmøre heldt i ettermiddag.

Dermed kan Volda få opp til 670 fødslar per år, mot 430 no.

Samhandlingsdirektør Daniel Haga i Helse Midt-Noreg seier dette vil styrke tilbodet i Volda.

- Vi får eit sterkare fagmiljø. Vi får fleire fødslar enn det vi har i dag, og vi kan erstatte to sårbare fødeavdelingar med ein som er meir robust, seier Haga.

Det har lenge vore diskusjonar rundt framtida for fødetilboda både i Volda og Nordfjordeid. Begge sjukehusa kan risikere å miste fødetilbodet, men nå kan det bli ei løysing.

- Veldig gledeleg

Ragnhild Aarflot Kalland

Ordførar i Volda, Ragnhild Aarflot Kalland (Sp).

Foto: Trond Vestre / NRK

Ordføraren i Volda, Ragnhild Aarflot Kalland (Sp) applauderer fellesforslaget fra Helse Vest og Helse-Midt-Norge.

- Det er veldig, veldig gledeleg at desse to helseforetaka ser at det vil vere uansvarleg å leggje ned slik at vi ville ha vore utan fødetilbod mellom Ålesund og Førde, seier Ragnhild Aarflot Kalland.

Det er no opp til styra i dei to helseforetaka å avgjere om fødetilbodet i Volda og Nordfjordeid skal slåast saman.