Hopp til innhold

- Fleire visste uten å varsle

Eit mareritt møtte Mattilsyet og politiet då dei gjekk inn i fjøsen i Ørsta 1. april. Saueflokken var blitt sveltefora så lenge at 14 var døde og resten måtte avlivast.

Mattilsynet sin varselknapp

KAN VERE ANONYM: Det er enkelt å varsle Mattilsynet. - Likevel kjem tipsa ofte for seint, seier Anne Stine Foldal i Mattilsynet på Sunnmøre.

Foto: Bilde frå Mattilsynet.no

– I ettertid har det kome fram at fleire folk frå ulike miljø hadde mistanke om at ei dyretragedie var i utvikling, seier distriktssjef i Mattilsynet på Sunnmøre, Anne Stine Foldal Aam til Sunnmørsposten.

For seint

Men ingen av dei som hadde mistanke tok kontakt med Mattilsynet før det var for seint. 14 dyr døde av svolt. 23 måtte avlivast.

Foldal Aam seier til avisa at folk er for lite flinke til å sende bekymringsmeldingar ved mistanke om dyremishandling.

– Ein kan verte strafferettsleg ansvarleg dersom ein kjenner til slike tilfelle uten å varsle, seier ho.

Plikt til å varsle

Den nye dyrevelferdslova frå 1. januar 2010 er klar på varslingsplikta:

« Enhver som har grunn til å tro at dyr blir utsatt for mishandling eller alvorlig svikt vedrørende miljø, tilsyn og stell, skal snarest mulig varsle Mattilsynet eller politiet».

Anne Stine Foldal Aam.

KOM FOR SEINT: Distriktssjef i Mattilsynet Anne Stine Foldal Aam, meiner folk bør bli flinkare til å varsle om dei har mistanke om at dyr har det vondt.

Foto: Øyvind Johan Heggstad. / NRK

Dei som hadde mistanke om kva som foregjekk på hobbybruket i Ørsta venta så lenge med å varsle at dyretragedien var eit faktum.

Kan vere anonym

Det er enkelt å varsle dersom du har mistanke om at dyr har det vondt.

nettsidene til Mattilsynet er der ein varslingsknapp, der varslaren kan vere heilt anonym. Er situasjonen akutt, kan du ringe beredskapsvakta til Mattilsynet på 06040.

Anne Stine Foldal Aam i Mattilsynet på Sunnmøre seier det er svært viktig for alle partar at dei blir varsla tidleg.

– Dersom ein veit, men unnlet å varsle, bidreg ein berre til at trageiden vert større, seier ho til Sunnmørsposten.