Hopp til innhold

- Fjern radiomasta

Fiskarane klarer seg langt på veg utan radiomasta på Vigra, seier dagleg leiar i Møre og Romsdal Fiskarlag, Ole Morthen Sorthe.

 

Radiomasta på Vigra
Foto: NRK

Radiomasta skaper problem for innflyginga til Vigra, og dei siste åra har det vore eit aukande krav om å fjerne masta.

Sett frå fiskarane sin ståstad er det berre å fjerne masta, seier Sorthe.

Moderne teknologi

- Båtane har fått moderne teknologi og kommunikasjonsutstyr og då får fiskarane vervarsel og nyheiter utan å måtte lytte på mellombølgja, seier Sorthe.

Dermed blir radiomasta overflødig sett frå fiskarane sin ståstad og det inneber at eit viktig argument for å behalde masta fell bort.

- Norkring må skjerpe seg

Men Sorthe undertrekar at eit par småting må på plass dersom fiskarane skal få dei vervarsla som dei har behov for. Sorthe er ikkje fornøgd med Norkring og krev at alle vervarsel må kome på FM-bandet.

- Dette gjeld først og fremst vervarselet klokka 05.50 og 22.10. Dette er viktige varsel som avgjer om fiskarane skal reise ut eller ikkje, seier Sorthe.

- Det er og eit problem at vervarselet ikkje oppdatert på tekst-TV, sier Sorthe.

Flytrafikken

Radiomasta på Vigra har vore omstridd i fleire år fordi masta skaper problem for flytrafikken. Mange har krevd at den blir fjerna.

Fiskarane blir og berørt av desse problema, seier leiaren i Møre og Romsdal Fiskarlag, Ole Morten Sorthe.

- Samferdsle er svært viktig for fiskarane fordi dei skal sende utstyr og varer og er avhengig av å kome av garde til rett tid, seier Sorthe

 

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL