Haga vil gjere alt for å stanse bruken av dei mobile gasskraftverka som no blir bygde på Tjeldbergodden i Aure og Nyhamna i Aukra. Det kan også blir aktuelt å rasjonere straumen før dei blir starta , seier Haga.
Torhild Farstad seier at dette er eit sterkt signal til det eksisterande næringslivet i Midt-Noreg om å vere varsam med investeringane. Til dei som måtte ha planar om å etablere seg her, er det eit signal om ikkje å gjere det.
- Det kan godt bli straumrasjonering i denne regionen, trur Torhild Farstad. - Derfor må vi byggje eit gasskraftverk, og vi må bestemme det no. Det vil ta så lang tid å byggje kraftverket at når det er ferdig, er også reinseteknologien på plass, seier ho.