Hopp til innhold

- Ein må ha håpet

- Håpet er det som held oss oppe, seier kreftsjuke Regine frå Kristiansund. Tusenvis følgjer bloggen hennar på internett.

Regine Stokke

Kreftsjuke Regine Stokke har tusenvis av lesarar på bloggen sin på internett. Dei gode tilbakemeldingane hjelper henne, seier ho.

Foto: Sissel Helen Kvalvik / NRK

Regine Stokke sin blogg

Bloggen har fleire tusen lesarar, og mange kjem med kommentarar til det Regine skriv.

Foto: Sissel Helen Kvalvik / NRK

17-år gamle Regine Stokke frå Kristiansund er alvorleg kreftsjuk. Ho har fått beskjed frå legane om at dei vil gjere det dei kan for henne, men at dei ikkje kan redde livet hennar.

Gjennom bloggen sin på internett kan folk over heile landet få med seg tankane hennar om livssituasjonen.

Stadig fleire lesarar

- Sist eg sjekka var det over 290 kommentarar på det siste innlegget, seier ho.

Det tek tid å lese gjennom alle kommentarane i bloggen til Regine Stokke. Men så gir det også den kreftsjuke 17-åringen mykje.

Gjennom internettdagboka deler ho tankar og erfaringar med titusenvis av lesarar. Og dei blir det stadig fleire av.

Diagnosen

Regine Stokke
Foto: Sissel Helen Kvalvik / NRK

- Det gir meg mykje. Den støtta eg får hjelper meg til å tenke meir positivt, og eg blir i betre humør av å lese dei fine orda som er til støtte for meg, seier ho.

- Folk hjelp meg utruleg mykje, legg ho til.

I dag føler ho seg bra, men i kroppen hennar har kreftcellene byrja kome tilbake. Det er ikkje lenge sidan ho fekk diagnosen. I august 2008 snudde den opp-ned på livet hennar.

- Det var ein fredag, eg var nett komen heim frå skulen. Då kom mamma springande inn på kjøkenet og sa eg måtte på sjukehuset for å ta ein beinmergsprøve fordi dei trudde det var leukemi, fortel 17-åringen.

- Leukemi, kreft, døden

- Då rasa heile verda saman, og heile familien var knust, seier ho.

- Når folk tenkjer på leukemi tenkjer dei på kreft, og då tenkjer du på døden, seier Stokke.

Ho bruker så mykje ho kan av si tid på det som gjer henne glad. Etter tilbakefallet etter beinmergtransplantasjonen, har ho fått beskjed frå legane om at dei ikkje kan redde livet hennar.

- Må ha håp

Men ho og familien held fram med å leite etter behandling i utlandet.

Regine Stokke med måleri

Regine Stokke gjer mest mogleg av det som gjer henne glad. Som det å måle.

Foto: Sissel Helen Kvalvik / NRK

- Eg maler håp. Dette symboliserer innblikk, seier ho om eit måleri av ei hand og eit auge som ho har måla. Det skal vise at ho gir eit innblikk i livet sitt gjennom bloggen sin på internett.

I det siste har bloggen hennar blitt omtalt i fleire medier. Til og med den svenske avisa Expressen er interessert i historia om den 17 år gamle jenta frå Kristiansund. Og på nettstaden Facebook føregår det ein aksjon for å samle inn pengar for å hjelpe Regine.

Og håpet er viktig, seier ho.

- Ein må ha håpet. Viss ikkje blir ein berre deprimert. Det som må halde oss oppe er at det alltid fins eit håp.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL