Brua skal opnast for trafikk i desember neste år saman med resten av Eiksundsambandet.
Riv ruskande gale
Svein Gjelseth (AP), medlem av Transport-og kommunikasjonskomiteen i Stortinget, var på synfaring på brua i dag.
Han meiner det er riv ruskande gale at brua ikkje er bygd breiare. Han seier brua ikkje er bygd for framtida.
Gjelseth vil no be Vegdirektoratet sjå på vegbreidda i framtidige samferdselsprosjekt.
Smalt
Eiksundbrua er bygd etter vanleg standard for bruer som skal ta unna opptil 1500 bilar i døgnet. Køyrefelta er 2,75 meter breie, og det blir trongare når vegskuldrane kjem på plass.
Maskinentrenørenes forbund har tatt saka opp politisk, sjølv om dei vedgår at lastebilar kan passere kvarandre på den nye brua.
Farlege situasjonar
Kjell Arne Aurstad, leiar i Maskinentreprenørenes forbund i Møre og Romsdal, seier at det blir store vanskar for lastebilane med snø på brua og glatt føre.
Han fryktar trafikkfarlege situasjonar på Eiksundbrua, der det er venta mykje tungtransport til og frå industrien på Søre Sunnmøre.
Se saken i fjernynssendinga til NRK Møre og Romsdal i NRK1 kl. 18.40.