Hopp til innhold

- Ei svært tragisk hending

Sjukehusdirektøren er lei for at ein toåring døydde etter mandeloperasjon.

Video nsps_upload_2009_1_30_16_35_7_664.jpg
Denne videoen er dessverre ikke tilgjengelig. Kontakt oss dersom du har spørsmål.

Ein to år gamal gut døydde tysdag kveld på St. Olavs hospital i Trondheim. På grunn av komplikasjonar etter ein mandeloperasjon ved sjukehuset i Molde, vart han lagt inn på nytt.

LES MEIR: Døde etter mandeloperasjon

Kan ikkje svare enno

Administrerande direktør Bjørn Engum i Helse Nordmøre og Romsdal seier seg lei for det som skjedde.

- Dette er ei hending som er svært tragisk og alvorleg. Det gjeld naturlegvis først og fremst for pårørande, men også for føretaket og dei som har vore involverte i behandlinga.

- Korleis kunne det skje?

- Det er det vel knapt nokon som kan svare ordentleg på enno.

Har gjort det dei skal

Han seier sjukehuset har gjort det dei skal etter ei slik hending.

- Ved uvanlege dødsfall har me faste rutiner som me følgjer. Saka skal meldast til politiet og Helsetilsynet, og det har me allereie gjort, seier Engum.

- Kva rutiner er det som har svikta her?

- Det er umogleg å seie noko om enno. Det er førebels ingen indikasjonar på kva det er som har gått gale. Me kan difor ikkje seie noko om det før Helsetilsynet er ferdige med sine undersøkjingar.

Vurderer å gjere tilsyn

Bergljot Vinjar
Foto: Aina Rødal / NRK

Fylkeslege Bergljot Vinjar i Møre og Romsdal stadfestar at ho er informert om hendinga.

- Me har fått ein telefon frå helseføretaket om saka, seier Vinjar.

No skal Helsetilsynet få meir informasjon før dei bestemmer om dei skal opprette sak for å undersøkje om 2-åringen har vore behandla fagleg uforsvarleg.

- Dette er ei svært alvorleg hending, som er svært tragisk og forferdeleg for dei som er involverte, seier Vinjar.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL