Hopp til innhold

- Driva må rensast med laksesperre

Stortingsrepresentant Asmund Kristoffersen frå Arbeidarpartiet meiner det må settast opp ein laksesperre raskast mogleg for å få rensa elva Driva for laksesjukdom.

Asmund Kristoffersen
Foto: Sigurdsøn, Bjørn / SCANPIX

Ein laksesperre vil koste 45 millionar kroner, og Kristoffersen vil no jobbe for å ein statleg finansiering.

Det er svært viktig å få plass ein laksesperre i Driva fordi elva ikkje kan rensast med rotenon eller aluminium, seier Kristoffersen.

- Dette er ein av landets beste lakseelvar og ei svært viktig næring, seier Kristoffersen.

Han er overraska over prislappen på 45 millionar kroner og seier det eit statleg ansvar å finansiere bygginga av ein laksesperre.