Hopp til innhold

- Dette kjem til å ta for lang tid

- Men dommen er urimeleg, så eg måtte anke, seier tidlegare stortingsrepresentant Anders Talleraas.

Video Talleraas ankar

Fredag i førre veke fekk Talleraas (H) og Magnus Stangeland (Sp) dommen i saka om stortingspensjonen. Talleraas vart dømt for grovt uaktsomt bedrageri for å ha teke i mot full stortingspensjon på feil grunnlag.

- Eg har studert dommen sidan eg fekk den , og eg er ganske sterkt ueinig med den. Eg meiner den er urimeleg og urettferdig, og eg føler meg ikkje tilfreds med det som kom fram, seier Talleraas til NRK.

Noko av det han er ueinig i er den store kunnskapen retten meiner Talleraas skulle ha om pensjonsordninga.

- Burde visst meir enn administrasjonen

- Trass i uklarheitene i pensjonssaka, burde eg ha gått så grundig inn i dette at eg visste meir enn administrasjonen av ordninga visste, seier han.

No fryktar han at det vil ta veldig lang tid før saka kjem opp att, men grunnane for å anke vog tyngre, fortel han.

- Kan ha gjort feil

- Det har vore den mest negative sida av dette, at det vil ta så lang tid å få leggje det bak seg. Men dommen er så urimeleg at å anke måtte eg berre gjere.

Trass i at han no ankar, innrømmer han at han kan ha gjort feil i saka.

- Ja, naturlegvis er det mykje som kunne vore gjort annleis når ein tenkjer seg tilbake ti-elleve år, men der og då gjorde eg vurderingane slik eg meinte det var forsvarleg og fornuftig. Eg heldt meg til det regelverket og den orienteringa som eg då fekk, seier Talleraas.