Dei tidlegare stortingsrepresentantane Anders Talleraas og Magnus Stangeland vart i dag dømde til høvevis seks månader og 60 dagar fengsel utan vilkår for pensjonssvindel.
– Viser likskap for lova
Til saman skal dei to ha fått rundt 3,2 millionar kroner i urettmessig pensjon.
– Dette viser at det er likskap for lova, meiner stortingsrepresentant for Frp Ketil Solvik Olsen.
– Heller ikkje stortingsrepresentantar slepp unna - på godt eller vondt. Bryt ein lova, så vert ein straffa, legg han til.
– Trist og alvorleg
Tingretten meiner både Talleraas og Stangeland «framkalla villfaring hjå pensjonsordninga» ved å gje for dårleg informasjon om inntekta si under pensjonsperioden. Dei er følgjeleg dømde for grovt bedrageri og grov aktløyse.
Parlamentarisk leiar i Arbeidarpartiet (Ap), Martin Kolberg, karakteriserer dommen i pensjonssaka som klar og tydeleg.
– Det er likevel trist og alvorleg at me har kome i denne situasjonen, seier Kolberg.
Kolberg er samd med Solvik Olsen i Frp om at dommen truleg vil ha ein positiv innverknad på folk sin tillit til politikarar og til rettsvesenet i Noreg.
– Dommen er ein positiv ting for folk sin rettferdssans. Den viser at lovverket vert tolka på same måte, folkevald eller vanleg borgar. Me får inga særbehandling i rettssystemet, seier Kolberg.
- LES OGSÅ: – Ein knusande dom i pensjonssaka