NRK Meny
Normal

- Ein knusande dom i pensjonssaka

– Ein knusande dom, seier NRK sin økonomikommentator om domfellinga av dei tidlegare stortingsrepresentantane Anders Talleraas og Magnus Stangeland.

Video 90c66442-8439-48b8-b00a-b729406b3b7e.jpg

Økonomikommentator i NRK, Steinar Mediaas trur begge dei domfelte er kraftig sjokkerte over fengselsstraffa dei fekk i retten i dag.

Fredag fall dommen i bedragerisaka mot dei to tidlegare stortingsrepresentantane Magnus Stangeland (Sp) og Anders Talleraas (H).

Talleraas og Stangeland var tiltalte for grovt bedrageri og grov aktløyse, og fekk høvevis 6 månader og 60 dagar fengsel utan vilkår, slik aktoratet hadde lagt ned påstand om.

Dommen var einstemmig. Dei må i tillegg betala 100 000 kroner kvar i erstatning for offentlege sakskostnader

– Denne dommen er nok kraftig sjokkerande for begge dei domfelte, og for mange av dei prominente personane som har vitna i saka, seier økonomikommentator i NRK, Steinar Mediaas.

Urettmessig gullpensjon

Til saman skal Talleraas og Stangeland ha fått rundt 3,2 millionar kroner i pensjon som dei ikkje hadde krav på.

Økokrim viste til at dei to har heva store summar i pensjon, samstundes som dei tente meir enn dei grensene som stod i regelverket for stortingspensjon.

Talleraas og Stangeland har heile tida nekta straffeskuld, og har begge sagt at dei berre har følgt tilvisingar frå Stortinget og vanleg praksis der.

Magnus Stangeland tok dommen tungt

Magnus Stangeland fekk 60 dagars fengsel og må betala 100 000 i sakskostnader. Han tok dommen tungt.

Foto: Cornelius Poppe / Scanpix
Anders Talleraas er dømd til seks månader fengsel

Anders Talleraas fekk hardast medfart i retten, og vart dømd til seks månader fengsel for pensjonssvindel.

Spørsmålet som retten skulle ta stilling til, var difor om Stangeland og Talleraas var uskuldige offer for eit rotete og uforståeleg pensjonssystem, eller om dei har teke imot pensjonen, vel vitande om at dei ikkje hadde rett på den.

Tenkjepause

Både Talleraas og Stangeland var skuffa over dommen mot dei.

Ettersom ingen av dei fekk medhald i retten i dag, hadde dei valet mellom å anka fengselsdommen, vedta den eller å ta omtenkingstid. Begge valde å tenkja seg om.

– Eg er overraska over at dei ikkje ankar på staden, seier økonomikommentator Mediaas.

– Det var venta på førehand at dommen ville verta anka, uansett utfall, legg han til.

Ankefristen er på to veker, og Mediaas trur me kjem til å få ei ny rettssak til hausten.

– Ingen kjendiseffekt

Saka har fått svært mykje merksemd i media medan den har vore under lupa til rettsvesenet. Også i rettssalen i dag hadde eit stort pressekorps møtt opp for å fanga opp dei umiddelbare reaksjonane etter offentleggjeringa av dommen.

Spekulasjonane om ein såkalla kjendiseffekt har versert. Spørsmålet var om dei ville sleppa unna med ei mildare straff fordi dei er kjende og profilerte, eller om dei ville få ein streng dom av same grunn.

– Eg tolkar resultatet som at dommaren ville behandla dei to på lik linje med vanlege nordmenn. Den gjengse borgar er jo underlagt eit veldig strengt regime når det kjem til urettmessige pensjonsutbetalingar, seier Mediaas.