Hopp til innhold

- Det var ord som måtte ned

18 år gamle Helle Gannestad frå Sunndal skreiv om å møte ondskap med kjærleik på Twitter etter terroren 22. juli. Orda hennar spreidde seg raskt over heile verda.

Helle Gannestad

Helle Gannestad var gjest i 'Sommeråpent' 27.juli.

"Når en mann kan forårsake så mye ondt - tenk hvor mye kjærlighet vi kan skape sammen."

Dette var orda 18 år gamle Helle Gannestad frå Grøa i Sunndal skreiv på Twitter berre timar etter dei grufulle terrorangrepa i Oslo og på Utøya. Orda har seinare spreidd seg over heile verda.

- Eg sat trygt heime i stua mi i Sunndalen, og følgde med på nyheitene. Det var seint natt til laurdag 23.juli. Klokka 03.30 om natta heldt politiet ein pressekonferanse der dei sa at dødstalet hadde auka til 80. Det var hardt for meg. Eg visste allereie då at eg hadde mist nokon, fortel Helle Gannestad.

- Då twitra eg orda "Når en mann kan forårsake så mye ondt - tenk hvor mye kjærlighet vi kan skape sammen."

En plakat med en variant av sitatet som ble formulert av Helle Gannestad.

Ein plakat med ein variant av sitatet som vart formulert ava Helle Gannestad.

Foto: Roald, Berit / Scanpix

- Korleis kom du på å skrive om kjærleik på Twitter rett etter eit grufullt massedrap?

- Det var ord som måtte ned. Det var mange tankar som surra og gjekk i hovudet på meg då dette skjedde. Blant anna tenkte eg mykje på korleis Noreg kom til å sjå ut etterpå. Eg var veldig redd for at det skulle verte eit skeptikarsamfunn der alle gjekk på tå hev og ingen viste tillit til kvarandre., og det ville ikkje eg bidra til. Det ser ut til at Noreg også synast at det er den reaksjonen som er best.

- Heilt utruleg at ei heil verd kan kjenne seg att

Ikkje lang tid etter at Helle Gannestad skreiv orda på Twitter, siterte venninna hennar, Stine Renate Håheim, dei i eit intervju med CNN. Deretter gjekk dei verda over.

- Det er utruleg fint at så mange kan kjenne seg att i orda. Det betyr mykje for meg at det betyr så mykje for mange. Der er no heilt utruleg at ei heil verd kan kjenne seg att i det. Dersom folk ikkje hadde kjent seg att i det, hadde det sjølvsagt ikkje betydd noko heller. Då hadde orda berre stått forgjeves.

- Kva er kjærleik for deg?

- Det er for det meste omsorg til kvarandre. Det å ta vare på kvarandre, spesielt når det trengst. Det er ein klem til ein som du ser har det vanskeleg, og det er å ta kontakt med folk som du veit slit.

- Mykje ein kan gjere for kvarandre

Helle Gannestad har sjølv opplevd mykje omsorg frå andre i tida etter tragediane 22.juli.

- Familien min reiste til syden dagen etter angrepet, så eg vart heime åleine. Då tok gode familievenar meg inn og tok vare på meg heilt til eg flytta til Oslo. Eg minnast veldig godt ho som gav meg ein klem då eg stod ved blomsterhavet utanfor domyrkja og hadde det vanskeleg. Det betydde mykje sidan eg ikkje kjende henne, fortel Helle.

- Det at nokon kan sjå at andre har det vanskeleg og gjere noko med det er unikt. I Noreg er vi nok mange som er lukke. Det er ikkje alle vi seier hei til sjølv om vi kjenner dei. Eg trur at vi la frå oss det å å vere reserverte i dagane etter angrepet.

- Korleis har du vist omsorg til andre menneske etter terrorangrepa?

- Det er alt frå å ta kontakt med andre som eg ikkje snakkar med kvar dag til å halde rundt ein god venn som vil snakke om det han har opplevd. Det er mykje ein kan gjere.

Høyr heile intervjuet med Helle Gannestad i siste sending av programmet "Under samme himmel" på NRK P1 laurdag klokka 07.35.