Politikarane er samla på valvake hos NRK Møre og Romsdal i Ålesund.
Foto: Olaug Bjørneset / NRKMerethe Trones er script for valsendinga.
Foto: Olaug Bjørneset / NRKBernt Baltzersen er ein av fotografane på jobb valkvelden.
Foto: Olaug Bjørneset / NRKBerit Susanne Kjølås og Trond Vestre leiar sjåarane gjennom valnatta saman med Bergljot Hjorthol.
Foto: Olaug Bjørneset / NRKHelge Orten (H), Oddbjørn Vatne (Sp) og Frank Sve (FrP) har matpause under NRK Møre og Romsdals valvake.
Foto: Olaug Bjørneset / NRKRandi Asbjørnsen er på NRK Møre og Romsdals valvake saman med alle dei andre listetoppane til fylkestinget.
Årsaka til at ho er blitt svært populær siste tida, er ei valmåling NRK og dei tre største avisene i fylket presenterte. Den viste at Sunnmørslista kan hamne på vippen mellom dei to hovudblokkene på fylkestinget.
Populær
Asbjørnsen vedgår at ho er blitt ei populær kvinne etter målinga.
– Får du mange frieri no i kveld?
– Eg har fått mange på førehand. I kveld er det rolig, seier ho.
– Har du lagt ein strategi?
– Ja, strategien er å ikkje velje side. Vi går ikkje ut med noko før etter valet, seier Asbjørnsen til NRK.
LES OGSÅ:
Ikkje spent
Det er mange spente på NRK Møre og Romsdals valvake. Men Frank Sve, som i både er ordførar- og fylkesordførarkandidat for Frp. Er ikkje spent og nervøs.
– Nei, no er jobben gjort. Det er ikkje hjelp i å vere nervøs. Om få timar får vi resultatet, så det er ikkje vits i å gå rundt og tru noko som helst, seier Sve.
LES OGSÅ:
– Korleis er forholdet ditt til Sunnmørslista, då?
– Vi har samarbeida kjempegodt med Sunnmørslista til no, og det reknar eg med vi også kjem til å gjere etter valet, seier Sve til NRK.