Hopp til innhold

- Må kjøpe spalteplass i lokalavisa

Ordførar Frank Sve (FrP) i Stranda rasar mot lokalavisa Sunnmøringen. Ei meiningsmåling presentert i avisa i dag viser at 56,3 prosent av dei spurde vil ha Jan Ove Tryggestad (Sp) som ordførar. Sve meiner det har vore ein parodi av ein lokalvalkamp.

Frank Sve og FrP med annonse i Sunnmøringen.

Frank Sve meiner FrP ikkje kjem til orde i Sunnmøringen utan å kjøpe seg spalteplass. Her frå laurdagsavisa der FrP har kjøpt heile baksida.

Foto: Olaug Bjørneset / NRK

I meiningsmålinga utført av Sentio for Sunnmøringen vart 350 veljarar i Stranda spurt om kven dei ville ha som ordførar i Stranda kommune om dei skulle velje mellom Jan Ove Tryggestad (Sp) og Frank Sve (FrP). Slik blei resultatet

  • Jan Ove Tryggestad: 56,3 prosent
  • Frank Sve: 33,3 prosent
  • Ingen av dei: 10,4 prosent

Parodi

Frank Sve

Frank Sve meiner målinga i Sunnmøringen har for store feilmarginar sidan berre 350 av veljarane er spurde.

Foto: Trond Vestre / NRK

Frank Sve har ikkje noko i mot at det blir gjort ei slik meiningsmåling, men han meiner fleire burde bli spurt.

– Undersøkingar er greitt, men då må dei vere så store at dei ikkje har så store feilmarginar, seier Sve før han går laus på lokalavisa.

– Vi registrerer at Sunnmøringen driv ein einsidig valkamp. Berre i dagens avis ser vi at vi ikkje slepp til orde utan å kjøpe spalteplass. Det har vore ein parodi av ein valkamp lokalt. Det er trist at det skal bli sånn, seier Sve.

– Så du meiner at avisa favoriserer den andre sida?

Ja, det er det ikkje tvil om. Det er berre å sjå avisa i dag det. Vi har sendt masse lesarinnlegg, men kjem ikkje til orde. Når vi blir angripne av opposisjonen, så må vi kjøpe spalteplass for å kunne svare. Det er ikkje slik det skal vere i ein lokalvalkamp, seier Frank Sve.

Ikkje noko nytt

Sunnmøringen

Frank Sve meiner lokalavisa driv ei einsidig valkampdekning til fordel for opposisjonen.

Foto: Olaug Bjørneset / NRK

Redaktøren i avisa Sunnmøringen, Elin Sofie Lorvik, seier dei er klar over kva Sve meiner om dei.

– Dette er noko han gir uttrykk for nærast kvar veke, seier Lorvik til NRK.

Lorvik seier ho ikkje forstår kva Sve vil med å hevde at dei driv einsidig valkamp.

– Sunnmøringen er ikkje ei politisk styrt avis. Det har eg også gjort klart gjennom fleire av leiarane siste tida. Vi prøver å la alle kome til orde, og det synest eg på mange måtar vi klarer, seier redaktøren.

– Sve seier han må kjøpe seg spalteplass for å kome til orde, kva seier du til det?

Den annonseplassen som han har kjøpt er noko han har valt å gjere som ledd i sin valkamp. Akkurat den annonsen han viser til er eit tilsvar som gjekk over tre A4-sider. Han hadde alt fått gitt sitt tilsvar, men han var ikkje nøgd med det. Han ville ha eit som var mykje grundigare, seier Elin Sofie Lorvik.

– Valet vil vise

Trass i angrepet på lokalavisa, tek ikkje Frank Sve det særleg tungt at motkandidat Tryggestad (Sp) ser ut til å vere ein meir populær ordførarkandidat denne gongen.

– Dette er ei bitte lita måling, som vi tar med ei klype salt, seier Sve til NRK.

– Kvifor er Jan Ove Tryggestad meir populær enn deg i denne målinga?

Jan Ove Tryggestad

Jan Ove Tryggestad (Sp) er overraska over at så mange av dei spurte vil ha han som ordførar.

Foto: Trond Vestre / NRK

– Dette speglar berre av ei måling vi fekk tidlegare i veka som viste at opposisjonspartia går fram og FrP tilbake. Men vi får vente til valet. Det er valet 12. september som viser kven som blir ny ordførar i Stranda.

– Overraskande

Jan Ove Tryggestad (Sp) er overraska over den gode målinga, og han er klar til å bli ordførar om valet gir same resultatet.

For eit år sidan var det ikkje slik. Då gjekk han ut i lokalavisa Sunnmøringen og i NRK og sa han ville gi seg ved dette valet, fordi han var lei av maktarrogansen i Stranda.

– Eg ombestemte meg. Alle politikarar likar å seie at dei er blitt overtalt. Men det er faktisk slik. Eg bestemte meg for å kjempe for eit maktskifte etter påtrykk frå fleire hald, seier Tryggestad til NRK.