NRK Meny
Gro og Steinar lagar karamellpudding

PYNT: Karamellpudding ser flott ut med både piska krem og friske bær. Steinar Lindstrøm og Gro Ravnestad pyntar desserten med fargar.

Karamellpudding

Heimelaga karamellpudding er det lite som slår. Her finn du tips til korleis du både lagar og pyntar desserten.

Slik gjør du

Oppskrifta er nok til ei stor form.

Mjølka varmast opp til kokepunktet saman med vaniljestonga.

Pisk saman egg, farin og vaniljesukker. Bland i den varme mjølka.

Sil blandinga i forma du har karamellisert med smelta sukker.

Karamellpuddingen skal så stå i vassbad i omnen på 95 grader i kring halvannan time.

Tips

Bruk nokre sider avispapir i botnen av langpanna. Då unngår du at karamellpuddingen blir «pipete», det veil seie at han har små hol i seg.

Kilde: Steinar Lindstrøm