Slik gjør du
Scones
Bland kveitemjøl, bakepulver, estragon og salt i ein bolle.
Ha i smøret og elt det raskt saman.
Tilset fløyten og bland varsamt til ein deig.
Trykk ut deigen til den er ca. 2 centimeter tjukk. Stikk ut rundingar.
Pynt med urtene.
Steik på 225 grader i cirka 10 minutt.
Server med eple- og lakriscurd.
Eple- og lakriscurd
Skrell epla og ta ut kjernane. Press over safta frå sitronen. Rasp skalet frå halve sitronen. Ha sitronskalet saman med epla.
Varm opp epleblandinga med stjerneanis og tilset smør, sukker og lakrispulver. La det småkoke til epla er mjuke.
Plukk ut stjerneanisen og rør i epleblandinga til ho er jamn.
Ta gryta frå plata og hell i dei to samanpiska egga medan du vispar kraftig.
Eple- og lakriscurd passar også godt på eit ostefat.
Foto: Carina Ahlskog / YLETips
Krydderscones med estragon og stjerneanis er ein del av ein lekker «lakris-trio».
Kilde: Ella Grüssner Cromwell-Morgan frå TV-serien «Hygge i Strömsö»/YLE