Laster innhold, vennligst vent..
Foto/redigering: Alf Vidar Snæland

Foto/redigering: Alf Vidar Snæland

Enkel og god kyllingsalat

Ein saftig god kyllingsalat er enkelt å putte i sekken og flott niste når ein skal ha matpause.

Slik gjør du

Strø litt salt og pepar på kyllingfiletane og steik dei i ei panne med olje og litt meierismør. Avkjøl filetane.

Bland ulike salattypar. Ruccolasalat har ein fin, nøtteaktig smak som passar godt i blandinga.

Frukt er også godt i lag med kylling og salat. Her er det brukt ananas og appelsin, men mango og mandarin gjev også ein frisk smak.

Ha i tomat, agurk og paprika. Du kan og fylle på med pasta dersom du likar det.

Fetaost gjer salaten endå meir smakfull.

Geitost frå Undredal, laga i verdsarvområdet, smakar minst like godt som den italienske parmesanen. Rasp den på toppen av salaten.

Tips

Dersom du vi ha med dressing på tur, så ha den i ein liten boks ved sidan av. Elles blir tursalaten dvask og trasig.

God tur!

Kilde: Steinar Lindstrøm