Hopp til innhold

Her er det badetemperatur, ifølgje Ryanair

Ryanair reklamerte med sol, sommar og strandliv i Oslo, midt på vinteren. No får flyselskapet kritikk for misvisande reklame.

Oslo

Slik såg Oslo ut i mars i år. Medan Ski-VM pågjekk for fullt i hovudstaden reklamerte Ryanair med sol- og badeturar til Oslo.

Foto: Lien, Kyrre / Scanpix

Har du nokon gong sola deg på stranda iført bikini i Oslo i februar? Billigselskapet Ryanair reklamerte for ferieturar til varmare strøk i februar og mars, og hevda at du kunne «booke sola for åtte pund».

Oslo er blant reisemåla på lista.

Null grader

Ryanair

Denne reklamen frå Ryanair blir kritisert for å vere misvisande. Blant destinasjonane på salg var Oslo - med ein gjennomsnittstemperatur på null til fire grader på vinteren.

Foto: Faksimile: Daily Mail

«Noreg på seinvinteren er nok ikkje det dei fleste ser for seg som ein varmande ferietur», skriv Daily Mail. Reklamen viser ei bikinikledd dame som solar seg på stranda med ein drink i handa. «Book to the sun now!» står det på plakaten, som lovar soltur for åtte pund éin veg om du reiser i februar eller mars.

Gjennomsnittstemperaturen i Oslo på denne tida er mellom null og fire grader. Solhungrige turistar som hoppa på tilbodet vart møtt av Ski-VM, snø og frysetemperaturar i staden for sol og strandliv.

Andre destinasjonar Ryanair har inkludert, men der det er liten sjanse for å få noko sol på denne tida av året, er Glasgow, Århus og Bilund i Danmark, Frankfurt, Hamburg og Düsseldorf i Tyskland. Gjennomsnittstemperaturane desse stadane i februar og mars ligg mellom seks og ni grader.

LES: Flyselskapene du kan stole på

– Misvisande

Flyselskapet får kritikk for å ha reklamert for billige solreiser til destinasjonar der det verken er sol eller sommar. Kontrollorganet Advertising Standards Authority (ASA) har konkludert med at Ryanair villeia kundane sine.

«På grunn av slagordet og biletet av ei dame i bikini på stranda vil forbrukarane tru at kampanjen inkluderer destinasjonar som er varme nok til å sole og bade seg i i løpet av kampanje-perioden», skriv dei.

Oppgav feil pris

Flyselskapet får også kjeft for å ha reklamert for flyreiser til Dublin for 27.99 pund. Fleire har klaga på at det var umogleg å bestille reisa til denne prisen, på grunn av den ekstra innsjekkingsavgifta på seks pund.

Ryanair kunne ikkje forklare nøyaktig korleis ein fekk kjøpt denne flyreisa for 27.99 pund, ifølgje ASA.

Både Ryanair og konkurrenten Easyjet har fått kritikk for mange av reklamene sine. Dei har saksøkt og klagd inn kvarandre til kontrollorganet ASA fleire gongar.

LES:

TV og radio

Tonnevis av møbler kastes hver dag. Kan Trygve Slagsvold Vedum og Christian Strand pusse opp barneskolen til Trygve med møbler NAV har dumpa?
Helene sjekker inn - på asylmottak. Norsk dokumentar.
I fem døgn bor programleder Helene Sandvig sammen med asylsøkere på Dikemark Asylmottak. Det blir et tøft møte med en helt annen virkelighet.
Aida sov et helt døgn og Halvor får ikke sove uten å gjøre et spesielt triks. Hva feiler det dem? Tre butikkansatte med nettbrett utfordrer legelaget i kveldens episode. Programleder: Kjetil Røthing Askeland. Sesong 2 (4:8)