Hopp til innhold

Tips om undervassfilming

Lurar du på korleis du kan filme nede i sjøen? Med sine vakre fargar, duvande tareskog, fiskar og skaldyr er dette eit eldorado for hobbyfotografen!

Monika Blikås og Børje Møster dykkar

Monika Blikås og Børje Møster på dykketur ved Radøy i Hordaland.

Foto: Nils Arne Sæbø / NRK

Dei vakraste motiva kan liggje rett under vassflata, der også dagslyset er så sterkt at dei nydelege fargane kjem til sin fulle rett i kameraet. Dette får du filma berre ved å snorkle. Men sikta er god lenger nedover også, der brun-grøn tareskog duvar elegant langs skjelkledde berg og gir ly for både krabbar og fisk.

Nett-tv: Filming under vann

Nett-tv: Lær å filme natur

 

Det er berre å trekkje pusten djupt og setje kursen nedover. Ved å  fridykke kjem du tettare på fiskar enn apparatdykkarar gjer, sidan du ikkje slepp ut luft som skremmer dei vekk. Nærm deg forsiktig.

Utstyr

For å kunne filme denne skjulte eventyrverda, treng du ei eller anna form for vasstett kamerahus. Her finst det mykje å velje mellom, men den enklaste og rimelegaste varianten er spesiallaga posar som du puttar kameraet oppi og betjenar frå utsida. Som den posen eg har på biletet her.

Fridykkar Børje Møster har eit meir avansert kamerahus, som du ser, med ekstra lyskjelde i tillegg. Dermed kan kameraet brukast på større djupne, i tillegg til at det er meir brukarvennleg. Det kostar litt meir, men kan vere ei god investering for den ivrige undervassfotografen.

Kameraføring

Gå nær motivet du ønskjer å filme, og hald biletet. Kombiner det med større bilete av miljøet for å sjå heilskapen. Film gjerne skrått oppover, til dømes ein vakker, bølgjande brennmanet, så vil dagslyset gje ekstra dimensjonar til blåfargane rundt den raud-oransje maneten.

Dersom du vil filme noko som ligg i ro, er det viktig å ikkje veive for mykje med kameraet. Men straumar i sjøen kan gjere det vanskeleg å halde kameraet stødig. Eit godt tips er å halde seg fast i taren eller berget medan du filmar.

Film deg sjølv

Det kan vere artig å vere med på filmen sjølv også, og bilete av dykkaren gir ofte ein ekstra dimensjon til filmen. Dette kan du gjere ved å leggje kameraet på sandbotnen eller ei berghylle, og leggje ein stein oppå kameraet så det ligg i ro.

TV og radio

Tonnevis av møbler kastes hver dag. Kan Trygve Slagsvold Vedum og Christian Strand pusse opp barneskolen til Trygve med møbler NAV har dumpa?
Helene sjekker inn - på asylmottak. Norsk dokumentar.
I fem døgn bor programleder Helene Sandvig sammen med asylsøkere på Dikemark Asylmottak. Det blir et tøft møte med en helt annen virkelighet.
Aida sov et helt døgn og Halvor får ikke sove uten å gjøre et spesielt triks. Hva feiler det dem? Tre butikkansatte med nettbrett utfordrer legelaget i kveldens episode. Programleder: Kjetil Røthing Askeland. Sesong 2 (4:8)