Hopp til innhold

Støy kan føre til spontanabort

Gravide som vert utsette for mykje støy kan risikere spontanabort. Ny forsking slår fast at også tidleg fødsel og misdanningar kan verte konsekvensen dersom fosteret vert utsette for bråkete miljø.

gravid dame

KAN FÅ FØLGJER: Gravide som vert utsette for mykje støy kan oppleve at fosteret får misdanningar. For tidleg fødsel og spontanabort kan også bli konsekvensen i verste fall.

Foto: colourbox

Det er Statens arbeidsmiljøinstitutt som har forska på kva støy gjer med fosteret. Funna er urovekkande og instituttet etterlyser no klarare retningslinjer for gravide på arbeidsplassar med støy.

- Det viser seg at born sin høyrsel kan bli skada på lik linje som mor sine høyrselsorgan, seier overlege Karl-Christian Nordby i Statens arbeidsmiljøinstitutt.

Lite kjennskap til støyskader

På fleire ulike arbeidsplassar vert dei tilsette utsette for store mengder støy i samband med arbeidet. Ein slik plass er Nortura i Førde.

- Dette er eit heilt vanleg støynivå, fortel fabrikksjef Eivind Fonn då han viser NRK rundt i rommet der grisane vert partert.

Store vifter, maskiner som piper og durar gjer at dei som jobbar i rommet nyttar seg av høyrselsvern. Men sjølv om høyrselsvernet vernar høyrsla til dei tilsette, hjelper det lite dersom ein tilsett er gravid. Den høge støyen på slakteriet kan nemleg skade fosteret.

Verksemda har ei rekke tiltak for å verne høyrsla hos dei tilsette. Men at støyen kan skade fosteret hos gravide kvinner har det til no vore lite kjennskap til hos dei fleste norske verksemder som har eit høgt støynivå.

- Vi arbeider med tiltak som vernar mot støy heile tida. Mellom anna har vi matter i taket som dempar støy og når vi kjøper inn nytt utstyr er dette noko vi har fokus på, seier Fonn.

Kan føre til spontanabort og misdanningar

Ifølgje Statens arbeidsmiljøinstitutt sin nye rapport kan støy i verste fall føre til for tidleg fødsel og spontanabort. Overlege Karl-Christian Nordby ved instituttet ser på dagens praksis som alvorleg.

Han etterlyser no klarare retningslinjer for gravide som arbeider i verksemder med støy.

- Ein viktig tommelfingerregel er at dersom mor må nytte seg av høyrselsvern, skal ho som gravid ikkje arbeide i eit slikt miljø, seier Norby til NRK.no.

(Artikkelen held fram under biletet)

Ultralyd

SKADER: Ny forsking viser at fosteret kan ta skade dersom mor vert utsett for mykje støy.

Foto: Anders Leines / NRK

- Dette tenkte vi ikkje noko på

Eva Vatne Rygg arbeider ved Nortura i Førde. Ho har vore gravid to gonger og har født to friske born. I deler av svangerskapet var ho i permisjon. Ho seier ingen, heller ikkje ho sjølv, tenkte på at støy kunne føre til skader på fosteret.

- Det var ingen som hadde kjennskap til at det kunne vere farleg, så eg jobba så mykje som eg sjølv følte eg klarte, seier Vatne Rygg.

Tobarnsmora meiner kulturen på arbeidsplassar med få kvinner kan vere grunnen til manglande fokus på problemet.

- I mange yrker som er utsette for støy arbeider det flest menn. Det er gjerne ikkje så lett å snappe opp ting som gjeld for gravide kvinner då, seier Vatne Rygg.

- Vi må ta tak i dette

På lik linje med verksemder og tilsette har heller ikkje Arbeidstilsynet vore klar vore klar over kor stor skade støy kan ha på fosteret.

- Vi har i dag ingen krav som seier at gravide ikkje kan arbeide i ei verksemd med høgt støynivå, seier overingeniør i tilsynet, Conny Brun.

Ho vedgår at retningslinjene for gravide som vert eksponerte for støy ikkje er klare nok.

- Dette er nok noko vi i Arbeidstilsynet må sjå nærare på, seier Brun.

TV og radio

Tonnevis av møbler kastes hver dag. Kan Trygve Slagsvold Vedum og Christian Strand pusse opp barneskolen til Trygve med møbler NAV har dumpa?
Helene sjekker inn - på asylmottak. Norsk dokumentar.
I fem døgn bor programleder Helene Sandvig sammen med asylsøkere på Dikemark Asylmottak. Det blir et tøft møte med en helt annen virkelighet.
Aida sov et helt døgn og Halvor får ikke sove uten å gjøre et spesielt triks. Hva feiler det dem? Tre butikkansatte med nettbrett utfordrer legelaget i kveldens episode. Programleder: Kjetil Røthing Askeland. Sesong 2 (4:8)