Hopp til innhold

Slik lagar du profil på nett

Stadig fleire av oss brukar nettet til å jakte på draumepartnaren. Men kampen om å gjere seg attraktiv er minst like vanskeleg der som utanfor. Her er råda for å lage ein god nettprofil.

Nettsjekking
Foto: Colourbox

Bruk tid på profilen

Det er viktig at du lagar ei god skildring av deg som person. Du skal ikkje legge ut heile livshistoria, men gi litt av deg sjølv. Fortell om dine interesser, motiv med profilen og kva du likar å gjere.

Dette viser at du er seriøs, og det gjer det enklare for deg å finne ein likesinna. Gi klart uttrykk for kva du ønsker å oppnå med profilen.

Legg bilde på profilen

Eit bilde vil garantert gi deg fleire treff på profilen. Velg eit fint, men også eit ærleg bilde. Å bli skuffa på første møte er ikkje eit bra utgangspunkt. Legg gjerne fleire bilde i profilen, frå ulike situasjonar.

Fyllebilder kan være festlig, men nødvendigvis ikkje det beste på ein nettprofil der du jakter på drømmedama eller mannen. Bilde med bar hud gir nødvendigvis ikkje betre resultat. Sjølv om du har ein fin kropp, så kan det virke negativt på motparten.

Særleg for jenter kan det bli oppfatta negativt viss du søker seriøse forhold. Eit bilde med eit smil er også sjarmerande på nett.

Vær aktiv på profilen

Vis at du er interessert, og ta initativ. Der er også lurt at du vedlikeheld profilen din og oppdaterar profilen. Dette viser at du er seriøs og at du brukar tid på dette og engasjerar deg.

Ærlegheit også best på nett

Mange er skeptiske til at det er mange tullingar på nett. Men det er nødvendigvis ikkje sant. Du tener ikkje på å være uærlig. Forsking syner at like barn leikar best. Selger du deg inn som noko du ikkje er, så er det nødvendigvis ikkje lurt, om du har til hensikt å møte vedkommande offline.

Behald anonymiteten

Ikkje legg ut for mykje informasjon om deg. Chatt med folk ei stund før du utleverer deg for masse og eventuelt utvekslar telefonnummer.

Høfligheit også på nett

Sjølv om du er på nett, så er det viktig å bruke sunn fornuft og normal folkeskikk. Behandl andre med respekt.

Ring før dere møtes

Det kan være lurt å snakke saman på telefon før du avtaler første date. Dette kan gi eit betre inntrykk av vedkommande. Dette gjer også at dere vil føle dere tryggere når dere møtes til første date. Men ikkje utlever mobiltelefon før du føler deg trygg på vedkommande.

Haustjakta

Dei neste vekene skal dei single prøvekaninane Trond og Dan Robert prøve ulike metodar for å få seg kjæreste.

I serien "Haustjakta" tester dei alt frå nettsjekking til sjekkeskole. Serien går over seks episodar i tv-programma FBI og Puls, og starta opp måndag 9. november.

Sjå dei tre første episodane her:

Video nsps_upload_2009_11_9_14_48_37_10.JPG
Denne videoen er dessverre ikke tilgjengelig. Kontakt oss dersom du har spørsmål.

HAUSTJAKTA DEL 1

Trond og Dan Robert på nett-sjekker'n
Denne videoen er dessverre ikke tilgjengelig. Kontakt oss dersom du har spørsmål.

HAUSTJAKTA DEL 2

haustjakta
Denne videoen er dessverre ikke tilgjengelig. Kontakt oss dersom du har spørsmål.

TV og radio

Tonnevis av møbler kastes hver dag. Kan Trygve Slagsvold Vedum og Christian Strand pusse opp barneskolen til Trygve med møbler NAV har dumpa?
Helene sjekker inn - på asylmottak. Norsk dokumentar.
I fem døgn bor programleder Helene Sandvig sammen med asylsøkere på Dikemark Asylmottak. Det blir et tøft møte med en helt annen virkelighet.
Aida sov et helt døgn og Halvor får ikke sove uten å gjøre et spesielt triks. Hva feiler det dem? Tre butikkansatte med nettbrett utfordrer legelaget i kveldens episode. Programleder: Kjetil Røthing Askeland. Sesong 2 (4:8)