Hopp til innhold

– Har godt av å vere ute i ferien

Potteplantane dine har berre godt av å ha ferie frå innelivet når du sjølv er på ferie.

Potteplante utendørs

Potteplantane har berre godt av å vere ute i ferien, men må få nok vatn og skugge.

Foto: Colourbox.com

St. paulia i vasken

Ein St. Paulia i vasken. Det fuktige avispapiret i botnen gir vatn i ferien.

Foto: Tonje Bergh, Opplysningskontoret for blomster og planter

Potteplante med selvvanning

Denne planten vatnar seg sjølv gjennom trådane som heng frå potta og ned i vatnet.

Foto: Tonje Bergh, Opplysningskontoret for blomster og planter

Vannflaske i potteplante

Tøm vatn på ei flaske og snu denne oppned i potta, så har planten vatn i ferien.

Foto: Tonje Bergh, Opplysningskontoret for blomster og planter

Mykje sol og høg temperatur gjer at potteplantane treng ekstra mykje vatn i sommarferien.

For at du skal sleppe å komme heim til visne plantar, har Opplysningskontoret for blomster og planter (OBP) nokre gode råd for å hindre potteplantedød.

– Det beste er å sette plantane ute. Ikkje sett dei i direkte sollys, men finn ein stad med halvskugge. Legg avispapir på bakken, dette trekk til seg fukt frå regn, som sikrar at plantane får nok vatn seier informasjonsansvarleg Tonje Bergh i OBP.

– Så lenge plantane står utan skål og rett på avispapir, og i tillegg har drenering er det ikkje fare for at dei skal få for mykje vatn, legg ho til.

Sjølvvatning og badekar

Har du ingen uteplass å gjere av plantane på, kan du sjølvsagt få nokon til å komme innom og vatne for deg i ferien.

Om du ikkje har nokon som kan gjere dette, eller du er redd dei kan bli for sløve eller for ivrige, kan du sette plantane i eit badekar eller i vasken.

– Ha litt avispapir i botnen av karet eller vasken, og la det trekke til seg vatn. Ikkje fyll på med for mykje vatn, det er nok at det blir eit lite lag over avispapiret, seier Bergh.

Eit anna råd er å lage si eiga sjølvvatningspotte.

– Ta planten ut frå blomsterpotta, og trekk trådar gjennom hola som er i botnen av den svarte/brune potta som planten kom i. Lat denne potta henge over eit vassbad, slik at trådane tar nedi vatnet og kan suge til seg vatn, seier Bergh,

– Eller du kan bruke trikset med å snu ei vassflaske oppned i jorda, slik at planten får vatn jamt, seier ho.

Nokre plantar kan du også skjere til, slik at dei treng midre vatn. På eit par veker vil dei vekse ut igjen, og kanskje vere klare til blomstring allereie når du er tilbake frå ferie.

Heller for lite enn for mykje

Det er skilnad frå plante til plante i kor lenge desse kan vere utan dagleg stell, men det viktigaste for alle er at dei ikkje må for mykje vatn.

Om du har vore uheldig med vassmengdene, og finn visne plantar når du kjem heim frå ferie, er det framleis håp.

Men i dette tilfellet er det viktig å sjekke den visne planten før ein startar naudvatning. Ein vissen plante kan enten ha fått for lite vatn, eller han kan ha fått for mykje.

– For å vite om det framleis er liv i planten, må ein løfte han opp av potta og sjekke røttene. Er dei borte eller rotna, er planten død. Om desse er der, og er friske, er det mogleg å la planten trekke i vatn ei stund. Då vil planten vanlegvis komme seg etter eit par dagar, seier Bergh.

Det viktigaste er uansett å ikkje gi for mykje vatn før ein reiser på ferie.

– Det er ingen potteplantar som toler å bli ståande i vatn, seier Bergh.

TV og radio

Tonnevis av møbler kastes hver dag. Kan Trygve Slagsvold Vedum og Christian Strand pusse opp barneskolen til Trygve med møbler NAV har dumpa?
Helene sjekker inn - på asylmottak. Norsk dokumentar.
I fem døgn bor programleder Helene Sandvig sammen med asylsøkere på Dikemark Asylmottak. Det blir et tøft møte med en helt annen virkelighet.
Aida sov et helt døgn og Halvor får ikke sove uten å gjøre et spesielt triks. Hva feiler det dem? Tre butikkansatte med nettbrett utfordrer legelaget i kveldens episode. Programleder: Kjetil Røthing Askeland. Sesong 2 (4:8)