Etter at britiske Blå Kors lanserte tele-trøysta i 1999, har talet på oppringingar auka med 73 prosent.
Krisetelefonen er eit samarbeid mellom Foreininga for studiar av Kjæledyr og Blåkors. På telefonen kan sørgjande etterlatne få trøyst og medkjensle frå spesialtrena sosialarbeidarar.
Legane treng òg trøyst
Det er ikkje berre dei etterlatne som treng nokon å snakke med, ofte får òg tilsette ved veterinærklinikkar problem etter plutselege dødsfall blant dyra.
- Dei tilsette ved desse klinikkane står ofte i fyrste line, og må hjelpe og støtte dyreeigarane, fortel Samantha Bowman, som er veterinær i London.
- Blåkorstenesta er eit uvurderleg tilbod til både klientar og veterinærar, held ho fram. Dei får hjelp til å få ut kjenslene, og til å forstå at dei ikkje er åleine i sorga og einsemda etter at kjæledyret har døydd.
Mange brukarar
Det er svært forskjellege menneske, i alle aldrar og frå alle sosiale lag, som tek kontakt med krisetelefonen.
- Eg har fått telefonar frå folk heilt frå 7 år til eldre på 97, fortel Lillian Green. Ho er spesialtrena rådgjevar i krisetelefonen.
- Dei treng rett og slett nokon som vil lytte til dei utan fordommar, og som verkeleg forstår kva dei går gjennom, fortel Lillian vidare.
Eit tilbod som trengst
Krisetelefonen har fått svært mange positive tilbakemeldingar. Det er tydeleg at slike tenester trengst, meiner dei som arbeider i dyre-organisasjonane.
- Vi er svært nøgde med dei positive attendemeldingane og støtta vi har fått til no, seier Jo-Ann Dono, som er sjef for krisetenesta.