Trass i høg rente og aukande arbeidsløyse sparer vi ikkje på noko når det nærmar seg jul. Etter to magre år for handelsbransjen, går det no mot ny forbruksrekord. Av dei vel 30 milliardane bransjen omset for i desember, er vel 10 milliardar rein julehandel.
![Ein heilt fin sykkel er kva ein kan finne på Grønmo. Ein heilt fin sykkel er kva ein kan finne på Grønmo.](http://img.nrk.no/img/216896.jpeg)
Ein heilt fin sykkel er kva ein kan finne på Grønmo.
I Oslo tar det eit kvarter med bil, for å sjå den grelle kontrasten. På Grønmo avfallsanlegg, like utanfor byen, kastar folk kvar einaste dag fullt brukbare ting: TV-apparat, data-utstyr, kjøkkenmaskiner, møblar, leikar, baderomsutstyr og lamper.
– Det er trist å sjå kva folk kastar. Mykje av dette er heilt i orden, og ikkje særleg gammalt, heller. Det seier Øyvind Edgar-Lund på Grønmo, idet han tar imot nok eit stereoanlegg som skal kastast.
![Karsten Haugen er på Grønmo med ein bil full av ting han ikkje treng. Karsten Haugen er på Grønmo med ein bil full av ting han ikkje treng.](http://img.nrk.no/img/216893.jpeg)
Karsten Haugen er på Grønmo med ein bil full av ting han ikkje treng.
Ein av dei vi møter ved avfallscontainerane er Karstein Haugen. Han har bilen full av bord, lamper, barnevogner, leikar og ymse utstyr. Alt er i brukbar stand.
– Eg har ikkje bruk for det lenger. Og så lenge eg ikkje kjenner nokon som har bruk for det, blir dette den enklaste løysinga, seier Haugen.
Ein annan kastar eit badekar i god stand.
– Eg har litt dårleg samvit, fordi badekaret er i bra stand. Det einaste er nokre riper i lakken, seier han.
![Tor Holm er sjef på Grønmo avfallsanlegg. Tor Holm er sjef på Grønmo avfallsanlegg.](http://img.nrk.no/img/216901.jpeg)
Tor Holm er sjef på Grønmo avfallsanlegg.
1,5 millionar tonn søppel enda på landets avfallsplassar i fjor. Mengda aukar år for år, samstundes som søpla blir nyare og nyare. Stadig finn dei tilsette fullt brukbare ting som folk ikkje vil ha i hus lenger. Til og med julegåver:
– Gutta her finn faktisk julegåver som er kasta på søpla, med papiret på, fortel Tor Holm på Grønmo.
– Dessutan brukar vi like etter jul å få inn så mange nye, flotte ting, at det må ha vore julegåver, seier Holm. Han meiner dette fortel om eit samfunn i oppløysing.