Hopp til innhold

I dette huset er ingenting kasta

Restane frå fasaden på dette huset vart til nytt kjøkken. Sjå korleis familien i Bergen bygde draumehuset utan å kaste ein einaste plankebit.

Villa Sval er bygd heilt utan materialsvinn.

SJÅ VIDEO: Villa Sval er bygd i massivtre og står på 39 søyler (Video: Rune A. Hansen/NRK. Bilde: Henning Kongshavn Frønsdal).

– Vi kallar huset vårt Villa Sval, og det er bygd heilt utan materialsvinn. Ved å bruke opp alle restane, sparar vi pengar og miljøet på same tid, seier bergensarkitekten Henning Kongshavn Frønsdal til NRK.

Familien

Henning saman med kona Ingvild og dei to borna Sofus og Anna.

Foto: Siv Helberg / NRK

Arkitekten og familien sin nye bustad på Våganeset utanfor Bergen svevar over bakken ved hjelp av 39 tresøyler - som bærer det 200 tonn tunge huset. Det er bygd i massivtre, og isolert med eit tjukt lag med trefiberisolasjon i golv, veggar og tak.

Både innvendig og utvendig er det materialar som treng minimalt med vedlikehald - og som vil halde i meir enn 50 år.

Villa Sval er med i tv-programmet Draumehuset, der heile byggeprosjektet er følgt.

Veggelement

Veggane er i massivtre og kom som store element.

Foto: Frode Søreide / NRK

Restar frå fasaden blei kjøkken

Restane frå fasaden er nytta til å lage kjøkkeninnreing. Klossar og avkapp som var til overs under byggeprosesen er blitt til kubbegolv i tørkeskuret, og trekassar som vart nytta under transport er blitt trapp opp til takterassen.

Kjøkken

Kjøkkenet i huset skil seg kraftig ut og er laga av overskotsmatriale i byggeprosessen.

Foto: Rune A. Hansen / NRK

Dei har teikna huset sjøl, og ifølge Henning er det viktigaste å lage ein trygg plass for familien.

– Og gjere det på ein måte sånn at vi slepp å bruke familietida på å passe på huset i framtida. Det skal gi oss det gode liv, seier huseigaren.

Minimalt energiforbruk

Huset har status som passivhus. Dei har bora eit 100 meter djupt hol i jorda for å utnytte bergvarmen til varmtvatn og oppvarming. Energibehovet er berre 20 prosent av det ein gjennomsnittleg bustad brukar.

Stova

Her er stova i Villa Sval. I tillegg er det kjøkken, to bad, leikerom for borna og tre soverom.

Foto: Siv Helberg / NRK

På grunn av at dette er eit passivhus fekk Henning og famlien 81.000 kroner i støtte frå Enova. I dag er denne ordninga endra, men Enova gir framleis støtte til ulike energitiltak.

– For dei som ønsker ei ambisøs energioppgradaring av bustaden sin er det mogeleg å få støtte på inntil 150.000 kroner, fortel Anna Theodora Barnwell, marknadssjef i Enova.

Stor svalgang rundt huset

Sjekk svalgangen som går rundt heile huset

SJÅ VIDEO: Rundt heile huset er det ein stor svalgang som beskyttar mot vær og vind.

Men den miljøvennlege profilen er ikkje det einaste som utmerkar seg ved huset, som har eit buareal på 174 kvadratemter. Rundt heile bygget er det ein svalgang som er nesten like stor som buarealet. Svalgangen har og gitt namn til huset, Villa Sval.

– Svalgangen gir oss mogelegheit til å opphalde oss ute uansett værforhold, fortel Henning.

Huset kosta rundt 4,4 millionar kroner å bygge. I tillegg kjem kostanden på tomta som var på omlag 1,5 millionar kroner.

- Eg har fått spørsmål frå ein som ville kjøpe det. Men det spelar inga rolle kor mykje dei byr. Vi kjem aldri til å flytte frå dette huset her, avsluttar den nyinnflytta huseigaren.

TV og radio

Tonnevis av møbler kastes hver dag. Kan Trygve Slagsvold Vedum og Christian Strand pusse opp barneskolen til Trygve med møbler NAV har dumpa?
Helene sjekker inn - på asylmottak. Norsk dokumentar.
I fem døgn bor programleder Helene Sandvig sammen med asylsøkere på Dikemark Asylmottak. Det blir et tøft møte med en helt annen virkelighet.
Aida sov et helt døgn og Halvor får ikke sove uten å gjøre et spesielt triks. Hva feiler det dem? Tre butikkansatte med nettbrett utfordrer legelaget i kveldens episode. Programleder: Kjetil Røthing Askeland. Sesong 2 (4:8)