Anders fortel at Berner-Sennenhunden er ein langhåra, stor og kraftig hund som kan bli om lag 70 cm høg ved skuldrane. Hundane er støe, godmodige og rolege av type.
– På biletet er lille Lido mellom sju og åtte veker og har om lag same storleiken som ein katt, skriv Anders Hauge i ein epost til På dyrenes side. No er Lido halvanna år og har blitt mykje større. Han har framleis mange av valpefaktene, og ein bamseaktig bikkje på 50 kg kan kanskje virke overveldande til tider.
Storebror Falco er ein verdig schäferhund på snart 10 år.
– Han vart ikkje særlig glad då den lille inntrengjaren Lido kom inn i familien, men no er dei verdas beste vener, fortel Anders.
Litt syskenrivalisering er det framleis mellom Lido og Falco, og det beste tyggebeinet er det hard konkurranse om.