Hopp til innhold

Gir falsk tryggleik!

Over 60 prosent av pulverapparata i norske heimar er så dårleg vedlikeholdt at dei ikkje lenger er godkjent. I verste fall vil ikkje apparata virke når du trenger det.

Video nsps_upload_2009_1_14_8_20_30_2328.jpg
Denne videoen er dessverre ikke tilgjengelig. Kontakt oss dersom du har spørsmål.

LES OGSÅ: Slik sjekker du brannslukkeren din !

I 1990 vart det påbode med handslokkar og røykvarslar i alle norske husvære. Pulverapparata er framleis det desidert mest nytta sløkkemiddelet her i landet.

Men sidan påbodet kom for snart 20 år sidan har mange av apparata sått urørt rundt om i norske heimar.

- Det er veldig leit. Dette gjer at vi med sikkerheit ikkje kan seie at apparata fungerar, seier Ketil Branting som arbeid med branntryggleik i selskapet Trygg og Sikker.

Dei fleste av oss har fått med oss at pulverapparata skal ristast fire gonger i året. Men få veit at det er krav om at alle pulverapparat skal bli kontrollert av fagmann etter fem år. I tillegg er det krav om at handslokkaren skal inn til service etter 10 år.

Sjekkar berre grønfargen

- Folk er nok ikkje klar over dette. Mange sjekkar at apparatet står på grønt, men har ikkje dei nødvendige kontrollane. Det er dermed all grunn til å tru at mange apparat i Norge ikkje er godkjent etter standaren. I verste fall betyr det at vi ikkje veit om dei virkar, seier Branting.

Ifølgje undersøkingar selskapet har gjennomført anslår dei at så mykje som 60 til 70 prosent av pulverapparata i Norge ikkje er godkjend.

Norsk Brannvernforening fortel at fleire enn 100 brannar kvart år blir sløkt med handslukkar. Administrerande direktør Dagfinn Kalheim seier dei fleste brannar startar i det små, og at ein handslukkar som fungerar difor er svært viktig å ha på plass.

Han delar bekymringa over dårleg vedlikehald på mange gamle handslukkarar. - Det er ingen tvil om at det er mange gamle apparat. Da kan man i verste fall ha ein falsk tryggleik, seier Kalheim.

Tek sjølvkritikk

Han tek sjølvkritikk for at både styresmakter og hans eigen foreininga har fokusert for lite på vedlikehald av handslukkarar.

- Vi har nok vore mest opptatt av røykvarslaren. Så det er på høg tid vi også set fokus på handslukkaren sin viktige posisjon viss det skal bli brann.

Kalheim trur mange slurvar med vedlikehaldet fordi tanken på brann er så skremmande at mange distanserar seg frå tanken om at noko slikt kan skje hjå dei.

LES OGSÅ: Skal kartlegge brann og rus

Dagfinn Kalheim i Brannvernforeningen

Brannvernforeningens direktør Dagfinn Kalheim er bekymra for kvaliteten på norske pulverapparat. Her er han ved brannstedet i Nordbygata i Oslo, der ein person omkom rett før jul.

Foto: Kjartan Ovesen, NRK

TV og radio

Tonnevis av møbler kastes hver dag. Kan Trygve Slagsvold Vedum og Christian Strand pusse opp barneskolen til Trygve med møbler NAV har dumpa?
Helene sjekker inn - på asylmottak. Norsk dokumentar.
I fem døgn bor programleder Helene Sandvig sammen med asylsøkere på Dikemark Asylmottak. Det blir et tøft møte med en helt annen virkelighet.
Aida sov et helt døgn og Halvor får ikke sove uten å gjøre et spesielt triks. Hva feiler det dem? Tre butikkansatte med nettbrett utfordrer legelaget i kveldens episode. Programleder: Kjetil Røthing Askeland. Sesong 2 (4:8)