Det er ein menneskeleg rikdom å ha evne til å vise kjensler. Og eg lar meg lett rive med og kan bli rørt til tårer. Det seier Ingolf Håkon Teigene som ofte presenterer nyhende, der også menneskelege eigenskapar blir synlege for sjåarane. Det er fint også å ha evna til å kunne vise kjenslene på ein god måte, meiner Teigene.
No sist under sommar-OL i Athen såg han at fleire av utøvarane også viste kjenlser da dei tok imot medaljane sine.
Han tenkjer særleg på Olaf Tufte som vart rørt da han stod øvst på sigerspallen. Da kjende eg også ein klump i halsen, seier Teigene.
Eg trur ikkje han innerst inne tykte det var flaut, og det øydela slett ikkje imagen hans. Heller tvert imot. For han er ein sterk mann – ein stålmann. Men menn skal ikkje ha for mange kjensler, og det er nok eit spel for galleriet at han gav uttrykk for at det var flaut.
Teigene trur nok at det framleis er slik at menn skal vere tøffe, men det er nok vorte meir vanleg at også menn kan sleppe laus kjenslene i situasjonar der det er naturleg. Han fortel at han nyleg var i ei gravferd til ein venn, og da var det flere menn til stades. Fleire av dei tok kvarandre om halsen og gret. Det såg vi nok ikkje så mykje til i gravferder for 30-40 år sidan.
Når eg les nyheiter, kan det gå inn på meg når eg kjem borti urett som er gjort mot barn, eller det kan vere innslag om foreldrelause barn som ikkje får den hjelpa dei skulle ha, seier Teigene.
Han hugsar enno den gongen for om lag 10 år sidan da hendingane i Rwanda var mykje framme i nyheitene. Da kom tre barn tilbake og skulle freiste å finne foreldra sine. To av barna fann foreldra, medan det tredje barnet vart verande åleine. Måten det innslaget var laga på, gjorde at tårene berre spratt.
Men også musikk eller lyrikk kan vere sterke element som får ein til å bli rørt. Eg er ikkje redd for å bli oppfatta som ein for mjuk mann. Eg tykkjer det er ein god eigenskap. Medkjensle og evne til innleving i andre sin situasjon meiner eg er bra.
Eg tør å seie at eg er eit rikare menneske av den grunn. Vi har fått gråten for at vi skal kunne bruke han, og det er ein god måte å få utløp på kjenslene når det er naturleg.
Det kan vere både triste og vakre kjensler i botnen. Det kan også komme av fantastisk oppleving av musikk, natur eller til dømes poesi. Gråten kan komme i dei merkelegaste situasjonar, seier Ingolf Håkon Teigene.