Hopp til innhold

Bye & Rønning: Monsen for macho!

Dei måtte rive seg laus frå machokongen Lars Monsen. Og Jahn Teigen tok nesten knekken på den humoristiske duoen. Men Bye & Rønning kjempa vidare og returnerte frå villmarka med gull: absurde kjendisparodiar i naturen.

bye og rønning
Foto: Scanpix

Tysdag 18. desember får du sjå resultatet i  «Ein naturleg heilaftan» på NRK1 kl. 19:30. Gjennom fire gnistrande sketsjar tek karane fullstendig av i søkjet etter svaret på klimagåta. Men Lars Monsen måtte dei gje seg på…

- Parodiar handlar jo om å forstørre personlege eigenskapar, men Monsen er så macho at vi rett og slett ikkje klarte å vere meir macho enn han, fortel ein humrande Jon Niklas Rønning.

Knekt av Jahn Teigen

Det er eit spraglete knippe kjendisar duoen kastar seg over i Ut i naturens festkveld tysdag.

- Å putte parodiar i naturen er kjempeinspirerande. Det blir ekstra absurd med sånne som  Dag Solstad i naturen – Solstad hatar jo natur, seier Rønning. Men Teigen valda problem…

- Anders (Bye) har ein veldig fascinasjon for  Jahn Teigen. Denne gangen måtte vi gjere opptaka åtte gangar – han knakk saman kvar gang han skulle parodiere ei Teigensk forklaring på korleis vi får ned vasstanden etter all issmeltinga, smiler Rønning.

Surrete Arne Næss

Bye & Rønning, og Arne Ness
Foto: NRK

Duoen hadde artige dagar på opptak ved Sognsvann og på Gaustad, ikkje minst då dei skulle parodiere sin største favoritt; Arne Næss.

- Han er så uforutsigbar og leiken, men er nok blitt litt eldre og meir surrete i vår utgåve, seier Rønning, som fortel om ei scene dei dessverre måtte kutte:

- Der drikk han stilleståande myrvatn fordi det er så utruleg vanskeleg å få tak i bekkevatnet i fjellet; det berre renn avgarde, humrar Rønning.

Monsen skal takast...

Rønning har no planar om å dra med seg makker Bye ut i villmarka utan mat og drikke… for å barske seg opp… for Lars Monsen skal dei få til ein gang!

 

TV og radio

Tonnevis av møbler kastes hver dag. Kan Trygve Slagsvold Vedum og Christian Strand pusse opp barneskolen til Trygve med møbler NAV har dumpa?
Helene sjekker inn - på asylmottak. Norsk dokumentar.
I fem døgn bor programleder Helene Sandvig sammen med asylsøkere på Dikemark Asylmottak. Det blir et tøft møte med en helt annen virkelighet.
Aida sov et helt døgn og Halvor får ikke sove uten å gjøre et spesielt triks. Hva feiler det dem? Tre butikkansatte med nettbrett utfordrer legelaget i kveldens episode. Programleder: Kjetil Røthing Askeland. Sesong 2 (4:8)