Hopp til innhold

Her er dei vanlegaste ferietabbane

Stadig fleire set saman feriereisa si sjølv. Reiselivsnæringa opplever at folk både bestiller til feil land og feil dato.

Badestrand i Nice

Somme blir vel kjappe i vendinga når dei skal booke draumeturen. Med enkle tastetrykk kan ein fort blingse på heile feriebestillinga.

Foto: Colourbox

På landsbasis reiser 70.000 færre på chartertur samanlikna med i fjor. Nordmenn vil i staden sy saman sine eigne reiser framfor pc-en.

– Folk vil vere sitt eige reisebyrå og booke billettar og hotell, men det kan gå litt fort i svingane. Det er enkelt å taste feil, seier Emma Elisabeth Vennesland, assisterande informasjonsdirektør i Europeiske Reiseforsikring.

Får ikkje att pengar

Fortvilte folk som har bestilt tur til feil dato eller feil land, ringer forsikringsselskapet for å få att pengar.

– Avbestillingsforsikringa dekkjer alvorleg sjukdom, ulukker og dødsfall. Det er ingenting som dekkjer feilbestillingar, seier Vennesland. Ho rådar folk til å vere ekstra merksam når ein sett saman si eiga reise.

Måtte kjøpe ny billett

Jan Henrik Ekornåsvåg

Jan Henrik Ekornåsvåg og Ingeborg Olga Salen Relling tok feilbestillinga med eit smil.

Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK

Jan Henrik Ekornåsvåg frå Ålesund er ein av dei som var litt vel rask då han bestilte Frankriketur til familien. Sjølve opphaldet vart som planlagt, men han fekk seg ei overrasking på veg heim.

– Då vi skulle frå Gardermoen til Ålesund stod det desember på billetten og ikkje juli, fortel Ekornesvåg. Dermed måtte dei kjøpe nye billettar for å kome seg heim.

– Vi tok det med eit smil, seier Ekornesvåg. Han trur at grunnen til feilbestillingar er at folk er stressa.

Feil namn

Også flyselskapet SAS kjenner godt til problemet med feiltastingar på nett. Dei får førespurnader frå reisande som har gjort feil under bestillinga.

– Feil dato på reisa og feilskriving av namn er det vi ser mest av, seier Knut Morten Johansen. Han er informasjonssjef i SAS.

Dersom namnet på billetten ikkje samsvarar med namnet i passet, kan det vere vanskeleg å kome inn i ulike land. Du kan også bli avvist ved ombordstiging og innsjekkinga.

Johansen seier at dei har opplevd at folk som har gifta seg og skifta namn, har gløymt å få nytt pass. Enkelte presterer også å bestille tur til feil land.

Eit anna typisk problem er at folk reknar for dårleg tid mellom dei ulike flydestinasjonane. Reiser du med ulike flyselskap og ein av avgangane vert forsinka, får du problem dersom du ikkje når neste fly.

Har angrefrist

– Vi rådar folk til å kjøpe ein gjennomgåande billett. Då er du sikra å kome fram sjølv om det oppstår forseinkingar, seier Johansen.

Flyselskapet har 24 timars angrefrist etter at reisa er bestilt. Vert feil oppdaga innan den tid, kan du rette opp tabbar. Vert ikkje feilen oppdaga før dagen er komen, må du belage deg på å betale rekninga sjølv.

– Viktig å dobbeltsjekke

Så langt i 2014 så har Forbrukarrådet fått inn 767 saker som dreier seg om flyreiser. Det er nesten dobbelt så mykje som i fjor, men like mange som i 2012.

Direktør Ingeborg Flønes i Forbrukerservice seier at ein del av sakene gjeld feilbestillingar, og at dei ikkje kan gjere stort meir enn å forklare kva for rettar den reisande har.

– Du har moglegheit til å gjere om på billetten, men det vil koste deg litt. Det er ikkje noko selskapa gjer gratis, så du må betale gebyr. Det er viktig at du er nøye med å fylle inn rett namn og dobbeltsjekkar datoen og tidspunktet du skal reise, seier ho og legg til at det også er viktig å berekne nok tid mellom avgangane under mellomlanding.

Her kan du sjekke kva du har rett på når du reiser med fly.

TV og radio

Tonnevis av møbler kastes hver dag. Kan Trygve Slagsvold Vedum og Christian Strand pusse opp barneskolen til Trygve med møbler NAV har dumpa?
Helene sjekker inn - på asylmottak. Norsk dokumentar.
I fem døgn bor programleder Helene Sandvig sammen med asylsøkere på Dikemark Asylmottak. Det blir et tøft møte med en helt annen virkelighet.
Aida sov et helt døgn og Halvor får ikke sove uten å gjøre et spesielt triks. Hva feiler det dem? Tre butikkansatte med nettbrett utfordrer legelaget i kveldens episode. Programleder: Kjetil Røthing Askeland. Sesong 2 (4:8)