Hopp til innhold

- Betre enn elgjakta

Tida mellom 6. august og 14. september er heilag for dei som sitt oppe langs bredden av innsjøar i haustmørkret og lurar edelkrepsen inn i teinene.

Gard -og skogbrukar Lars Solheim og Utmarkssjef i Akershus og Østfold, Øystein Toverud.

Gard - og skogbrukar Lars Solheim og Utmarkssjef i utmarksavdelinga i Akershus og Østfold, Øystein Toverud.

Foto: Tove Fugelsnes / NRK

- Betre enn elgjakta, seier krepserar i Østfold.

Det er sør på austlandet vi finn ferskvasskrepsen. I Sør-Trøndelag og i Hordaland finns han også i eit lite område. Dit er det tobeinte som har frakta han og utsetting av kreps kan bli edelkrepsens død.

Edelkreps og signalkreps

Edelkreps.

Edelkreps.

Foto: Tove Fugelsnes / NRK

Frå 1960 har svenskane satt ut amerikansk signalkreps. Han er svært lik edelkrepsen, skilnaden er at han har ein liten lys flekk i klofestet. Grunnen til at signalkrepsen vart sett ut var at ein meinte at han var sterkare mot krepsepest, og det vart edelkrepsen sin bane.

Signalkrepsen overlever krepsepest, men han er berar av sjukdomen. Der signalkrepsen kjem dukkar også pesten opp og den innfødte krepsen dør ut.

I 1971-74 døde all eldekreps ut i Vrangselva og i 1987-1991 døde edelkrepsen ut av pest i Glomma- Halden og Store Le-vassdraget.

Når edelkrepsen dør ut dør også pesten, viss det da ikkje er signalkreps i vassdraget. Det er derfor mogleg å reetablere edelkrepsen.

Signalkreps

Signalkreps.

Foto: Jarle Steinkjer/Direktoratet for naturforvaltning

Det vart gjort i desse vassdraga men i Glomma og i Haldenvassdraget sør for Ørje kom pesten tilbake og edelkrepen døde ut igjen ut i 2003.

Utryddningstruga, men likevel fangst på edelkreps

Edelkrepsen er utryddningstruga og på raudlista. Det blir likevel fangsta på han. Edelkrepsen er nemleg kanibal. Dei store et dei små, derfor er det bra å fange ein del av dei største.

Kreps under 9,5 centimeter må kastast ut igjen. Det er strengt forbode å flytte levande kreps mellom vassdrag og sjølvsagt strengt forbode å innføre signalkreps.

Fangstutstyr, båtar og klær må desinfiserast før utstyret kan takast ibruk i nye vassdrag.

Retten til å krepse ligg hos grunneigarane og ein må ha løyve frå dei, eller krepsekort, for å delta på krepsing. Fangstida kan variere mellom ulike vatn og vassdrag.

Søndag 2. september er Tove Fugelsnes med på krepsing i Ørje heilt aust i Østfold. Ho er saman med utmarkssjef i utmarksavdelinga i Akershus og Østfold, Øystein Toverud og skog- og gardbrukar Lars Solheim.

Bli med til krepsesjøen i Naturens verden i NRK P1, søndag 2. september klokka 09:03.

TV og radio

Tonnevis av møbler kastes hver dag. Kan Trygve Slagsvold Vedum og Christian Strand pusse opp barneskolen til Trygve med møbler NAV har dumpa?
Helene sjekker inn - på asylmottak. Norsk dokumentar.
I fem døgn bor programleder Helene Sandvig sammen med asylsøkere på Dikemark Asylmottak. Det blir et tøft møte med en helt annen virkelighet.
Aida sov et helt døgn og Halvor får ikke sove uten å gjøre et spesielt triks. Hva feiler det dem? Tre butikkansatte med nettbrett utfordrer legelaget i kveldens episode. Programleder: Kjetil Røthing Askeland. Sesong 2 (4:8)